...
Leiar for støttegruppa for Simon i Florø, Kåre Leif Hollevik, tok personleg kontakt med justisminister Knt Storberget under opninga av redningshelikopteret i Florø. Statsråden fortalde at han allereie kjente til saka, gjennom info frå ordførar Bente Frøyen Steindal. Foto: Dag Nesbø Frøyen

– Strengt og urimeleg

Forsvarsadvokat Roland Kjeldahl meinte han hadde ei god sak. Men sidan Simon og faren Fkadu er italienske Dubliners har saka aldri blitt realitetsbehandla i Norge.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 03.09.2009 kl 10:18 Oppdatert 04.09.2009 kl 13:08

Tips ein venn på e-post:

Tysdag kom det endelege avslaget i posten til advokat Roland Kjeldahl.

Der stod det at Fkadu Thaye og sonen Simon skal visast ut frå riket. Dette er det endelege avslaget.

Søppelfylling irrelevant

Så langt har advokaten lagt fram informasjon som syner forholda dei levde under i Italia i eit år før dei kom seg vidare til Norge. Dokumentasjon viser korleis dei budde. Synte bilete av dei provisoriske skura av plast og bølgeblekk dei budde i på ei søppelfylling i Roma. Her budde dei med uteliggarar, omstreifarar og andre asylsøkjarar som kom seg over havet frå Afrika.

Denne dokumentasjonen har ikkje blitt vurdert og er såleis funnen irrelevant. Hovudprinsippet om at saka høyrer heime i Italia har her trumfa all annan dokumentasjon. Reint juridisk betyr det at søknaden ikkje er realitetsbehandla i Norge.

Nye moment

– Det må komme inn nye moment som kan fortelje at vedtaket er feil fatta. Typisk er her at det kjem ny dokumentasjon. Vi har lagt fram dokumentasjon som har peika på at eit barn ikkje kan sendast tilbake til ei søppelfylling etter 18 månader i Norge der guten som no er 9 år, har blitt spesielt godt integrert. Dette er moment som ikkje er vurderte, seier Kjeldahl.

Han vedgår at UDI har opptredd riktig etter regelverket.

Verner ikkje borna

– UDI har ikkje vist til noko anna enn prinsippvedtak. I praksis kjenner vi til at slike saker har blitt opna for å verne om borna, men ikkje i dette tilfellet, seier Kjeldahl.

– Er du skuffa over avslaget?

– Ja, det er eg. Sjølv om UDI her opptrer formelt riktig, skal vi kunne forvente at dei i saker der barn er innblanda gjer ei skjønnsmessig vurdering.

– Er ikkje du som advokat i denne saka også med på å trekke ut sakshandsamingstida?

– Det vil heilt sikkert UDI peike på. Men vi er soleklare på at UDI her burde realitetsbehandle saka, noko dei aldri har gjort. Sjølv om vi i korrespondanse har kravd at saka deira skal vurderast, er 18 månader heilt urimeleg. Det kan ikkje forsvarast. Når det no viser seg at UDI aldri har hatt interesse av å realitetsbehandle søknaden, burde saka i alle tilfelle vere lett å behandle, slår han fast.

På forsiden nå


...

Frå siger i Florø til fjerdeplass i Malmø

Lokalnytt Margaret Berger gjorde ein god figur i den internasjonale MGP-finalen, men tapte for førehandsfavoritten Danmark. Les meir

...

Svært roleg feiring

Lokalnytt Skal ein dømme etter politiet sin logg. Les meir

BILDE: Ein sommardag i mai

...

Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.

Sjå bilete
Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.