...
Simon (9) og pappaen vart sendt ut av landet, til ei uviss skjebne i Italia Foto: Dag Nesbø Frøyen

Simon (9) sendt rett på gata

Simon og faren Fkadu bur på gata i Italia.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 01.09.2009 kl 14:57 Oppdatert 05.09.2009 kl 18:47

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Dag Nesbø Frøyen
...
Faksimile 27. august Foto: Privat
...
Faksimile 29. august 2009 Foto: Dag Nesbø Frøyen

Nabo og ven til Simon (9) og Fkadu (29) i Florø, Kåre Leif Hollevik fekk i går ein E-post frå Fkadu Tshaye far til Simon (9). Denne fekk Firdaposten oversendt. No er den vesle familien komen til Italia der dei flykta frå, og sendt rett tilbake på gata. Det var ingen representantar frå italienske styresmakter som møtte dei då dei kom.

(Les meir om Simon: Stort lesarengasjement for Simon (9) og Simon (9): - Takk for meg )

Sperra inne i Oslo

Då Fkadu og Simon kom til Oslo Gardermoen frå Florø fortel han dei vart sperra inne i ei celle i varetekt fram til flyet skulle gå til Roma. Han hadde bede om at Simon, då han var eit barn, kunne sleppe å bli låst inne. Vaktene sikta til sin instruks der dei hadde fått ei bestilling av UDI og ikkje kunne fråvike frå denne. Begge vart frakta til ein stad 20 minutt frå Gardermoen til noko han trudde var ein militærleir.

Advokaten til Fkadu, Roland Kjeldahl meiner dei norske styresmaktene her viste klientane hans ei inhuman behandling.

Ville bli henta

Faren fortel Simon var fortvila og gret heile tida. Faren bad han om å vere sterk, men heller ikkje han klarte å halde kontroll over gråten. Ein dag og ei natt var dei i leiren før dei vart sendt om bord i flyet til Italia.

– Simon håpa nokre skulle komme og hente han heilt fram til avgang. Han hadde håpet om at han kunne reise tilbake til Florø og gå på skulen som vanleg, seier faren.

UDI hevda i avslaget på klagen om opphald at dei ikkje hadde nokre haldepunkt om at Italia ikkje ville overhalde pliktene nedfelt i Dublin-avtalen dei saman med 29 andre europeiske land har underteikna. Å overhalde avtalen er også heile fundamentet i Dublin-regelverket. Dette skal sikre betre forhold for dei som flyktar frå krig og undertrykking og søker frihamn i Vest Europa.

Overlatne til seg sjølv

Etter våre opplysningar var avtalen broten i det Simon og Fkadu landa i Roma. Dei vart haldne att medan kapteinen ringde politiet. Offiserane som kom ville ikkje anna gjere enn å vise dei korleis dei skulle komme seg ut av flyplassen. Dei kunne ikkje tilby noko plass å bu, ikkje eingong for ei natt. Dei vart sendt på gata med tips om korleis dei skulle komme seg til togstasjonen. Fkadu fortel han braut saman.

Teken hand om

– Eg vakna på ei sjukestue på flyplassen der eg no har fått hjelp og ei roande sprøyte skriv han i e-posten. Det var her han fekk bruke ei datamaskin og kunne skrive til Hollevik i Florø. Helsepersonellet fortalde dei ville la Simon og Fkadu bu på sjukestua fram til i går kveld.

Det var publikum på flyplassen som hadde teke kontakt med helsepersonellet. Dei hadde funne ein mindreårig gut utanfor flyplassen med ein sjuk far ute av kontroll til å ta vare på seg sjølv, ei heller guten sin.

I e-posten takkar Fkadu alle i Norge for omtanken han og Simon har fått frå venner i Florø før og etter utsendinga.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.