- Hjarterått! Vanvittig! Dette er for vondt! Det stikk i hjartet mitt! Slik er nokre av reaksjonane til Firdaposten-lesarane. No er det over 50 kommentarar i debatten!
I førre veke vart eritreiske Simon (9) og pappa Fkadu henta av politiet og sende ut av landet til ei høgst uviss skjebne. Dei vart returnert til Italia i høve Dublin II-avtalen.
Etter at Firdaposten skreiv om denne saka torsdag, har reaksjonane vore mange og sterke.
Veldig mange har teke kontakt med journalisten for å snakke om saka, og saka vert diskutert både på Twitter, Facebook og her på Firdaposten.no.
(Delta i debatten og les heile saka her: Simon (9): - Takk for meg )
- Dette er hårreisande av UDI!! Dei var godt integrert i Florø-samfunnet, no vert dei rivne vekk frå skule, venner og kollegaer med ei kjapp underskrift frå paragrafryttarene i Oslo! Til kva? Ein ny usikker framtid i Italia, kanskje ein ny pappkasse som bustad, og kva med skulegangen til Simon?? Dette gjer meg rasande og trist på samme tid!! “Bra” politikk raudt/grønt!!, skriv ein av mange som har engasjert seg, Jan Otto Hovden.
- Dette er rett og slett hjarterått av UDI, meiner ein lesar, andre meiner det er hårreisande, at det er ufatteleg og at det stikk i hjartet å lese om Simon og faren.
Firdaposten følgjer opp saka både på nett og i papiravisa.
Delta i debatten her: Simon (9): - Takk for meg
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar