...
- TAKK FOR MEG: Med klassebildet i handa, tok Simon Fkadu avskil med alle tredjeklasse-venene på Torvmyrane onsdag. Kort tid etter sat han på flyet. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Simon (9): - Takk for meg

Det var tårer og fortviling i 3. klasse på Torvmyrane skule då Simon (9) frå Eritrea tok farvel med klassekameratane.

Dag Frøyen E-post
Publisert 27.08.2009 kl 09:59 Oppdatert 01.09.2009 kl 22:33

Tips ein venn på e-post:

...
KLASSEBAMSEN BLEI DONERT: Som ei siste gåve frå kameratane, fekk Simon med seg klassebamsen som minne, og litt trøyst frå lærar Tove Marie Halvorsen. Foto: Dag Nesbø Frøyen

BILDE: Simons siste time i Florø

...

Vi var med Simon (9) og pappa Fkadu. Foto: Dag N. Frøyen

Sjå dei sterke bildene her

DUBLIN-AVTALEN

  • 29 europeiske land har gjort ein felles avtale om behandling av asylsøkarar. Det skjedde i den irske byen Dublin, og difor blir regelverket kalla Dublin-avtalen og asylsøkarane «Dubliners».
  • Avtalen går ut på at ein søknad om asyl berre skal behandlast i eitt av dei 29 landa. Det brukar å vere det første landet flyktningane kjem til.
  • Reglane i Dublin-avtalen avgjer kva land som skal behandle søknaden om asyl.
  • Regelverket skal forhindre at same person søkjer asyl i fleire land på rad eller samtidig.
  • Reglane vil sikre retten asylsøkarane har til å få søknaden behandla i eitt land i Europa og unngå at asylsøkarar blir sendt frå eitt land til eit anna utan å få søknaden behandla.
  • Målet er å halde familiar samla slik at den næraste familien får saka si behandla i same land.
  • Kjelde: NOAS

Simon (9) fekk ikkje gå på skulen onsdag. I staden blei han og pappa Fkadu henta av politiet og sende ut av landet til ei høgst uviss skjebne.

(Kva synest du om dette? Sei meininga di i kommentarfeltet nederst i saka!)

Saman med faren sin Fkadu (29) flykta Simon gjennom Sudan og Libya. Frå Nord-Afrika kom dei seg over Middelhavet til Italia med båt. Då var Simon 7 år. Ei risikabel reise som har kosta mange flyktningar livet. I eit år budde dei under bruene på ein søppelplass i Roma før dei gjennom eritreiske venner samla saman nok pengar til å flykte vidare til Norge og Florø.

Fann seg til rette

I Florø fann Simon seg raskt til rette. Han begynte på skule, fekk venner og lærte seg flytande norsk. Det er halvtanna år sidan 9-åringen kom hit og no snakkar han norsk med Florø-dialekt.

Onsdag skulle han etter rett på skulen, men på grunn av avslaga pappa Fkadu fekk på søknaden sin om opphald i Norge, kom politiet for å hente dei. Klokka 10.10 skulle dei reise med flyet til Oslo.

Simon spurde politiet om han kunne få sagt adjø til klassen sin før han måtte reise. Det fekk han.

Emosjonelt

Sjølv om 9-åringar flest har vanskar med å ta inn over seg ein slik grunnleggande endring i kvardagen, verka Simon å vite at han no verkeleg måtte ta farvel med vennene på skulen. Han var klar over han måtte seie farvel til dei beste kameratane og det livet han har bygt opp saman med faren i Florø. Rak i ryggen gjekk Simon inn til klassen sin. Sjølv om han prøvde å skjule kjenslene sine, rann tårene jamt.

– Eg ville berre seie hadet til dåkke, seier han hulkande i det han kom inn i klasserommet.

Klassen skjøna ikkje kva som skjedde.

Humant politi

Linda Åmelfot frå politiet tok seg tid til å forklare klassen kva som skulle skje med Simon og kvifor han ikkje fekk vere i Norge lenger. Politiet viste stor forståing for den vanskelege situasjonen og dette var noko pappa Fkadu var takksam for.

No forsto klassen kva som skulle skje med kameraten. Det vart ei svært kjenslesterk oppleving. Vener gav han bilder, klassefoto, pokemon-korta sine, og han fekk klassebamsen med seg. Avskjeden vart likevel kort då han skulle vere med 10-flyet til Oslo.

På flyplassen hadde politiet ordna med alt. Vener tok farvel medan Simon knuga seg til bamsen han hadde fått av klassevenene sine.

– Fekk ikkje sagt farvel

– Eg fekk ikkje sagt farvel til Ask, seier han i det han skulle bli slusa gjennom tryggleikskontrollen.

Ask er bestekameraten og naboen i Havreneset. Han går på Flora barneskole og difor fekk han ikkje treft han då han møtte klassen sin. Far til Ask, og nabo til Fkadu og Simon, Kåre Leif Hollevik, kunne fortelle at dei ville skjerme Ask for den tøffe opplevinga. Foreldra frykta vanskane Ask ville få ved å seie farvel til kameraten han leikar med kvar dag.

– Vi skal ringe å halde kontakten, seier Kåre Leif Hollevik til 9-åringen som trøyst.

No ventar eit nytt og langt mindre lystig tilvere for Simon. Om ikkje det offentlege Italia tek meir ansvar enn kva dei gjorde då den vesle familien kom til landet for to år sidan, kan livet fort bli utan skulegang, utan tak over hovudet og med ein søppelplass som ny bustad.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.