...
Frp-politikarane klarte ikkje å samle mange. Foto: Jan Roar Hatlem

Frp har åpna valkampen

Frp markerte valkampåoninga med stand utanfor Amfisenteret i ettermiddag.
Partiets innvandringspolitiske talsmann, Per Willy Amundsen, lovar at dei skal få skikk på det han meinar er ein asylpolitikk ute av kontroll dersom dei kjem i regjering etter valet 14.september.

Publisert 14.08.2009 kl 17:51 Oppdatert 14.08.2009 kl 18:22

Tips ein venn på e-post:

...
Per Willy Amundsen lovar å rydde opp i det han kaller asylpolitikk utan kontroll om Frp kjem til makta. Foto: Jan Roar Hatlem
...
Åge Starheim trur veljarane vil gje han ein ny periode på stortinget. Foto: Jan Roar Hatlem

Amundsen hevdar den raudgrøne regjeringa er skuld i det han meinar er ein asylpolitikk heilt utan kontroll, og lovar at dei skal ordne opp i både innvandrings-, integrerings- og asylpolitikken om dei kjem i regjering etter valet.
- Der dei andre landa i Europa har stramma inn har Noreg liberalisert, og resultatet er at det kjem tusenvis av grunnlause asylsøkjarar hit, slo han fast. - UDI, som var den store vinnaren ved revidert nasjonalbudsjett gjev urettmessig opphaldsløyve berre for å ta unna køa, påstod han.

Vil endre finansieringa av sjukeheimsplassane.

Amundsen brukte mesteparten av taletida til å snakke om asylpolitikken, men var også innom mellom anna eldreomsorga.

- Valkampen har starta denne veka, det ser vi når Jens Stoltenberg igjen lovar at vi skal få ein verdig eldreomsorg. Dei som hugsar godt vil hugse at han for fire år sidan lova at eldreomsorga skulle skine. No kjem han med dei same lovnadane, sa Amundsen som ikkje har den store trua på dei raudgrøne. - Vi vil at staten skal finansiere sykeheimsplassane, slik at vi får det same tilbodet over heile landet uavhengig av kommuneøkonomien. Det er jo det same som vi har når det gjeld andre ordningar som sjukeløn og dagpengar, sa han vidare.

Trur på fornya tillit

Åge Starheim, som for fire år sidan blei innvald på stortinget som den første Frp-politikaren i historia trur på fornya tillit sjølv om oppmøtet utanfor Amfisenteret var heller dårleg.

- Eg er optimistisk når det gjeld å få halde fram på stortinget, ved dei to meiningsmålingane som eg har å halde meg til var vi det nest største partiet. Men det krev at vi står på heilt fram til valdagen, vi kan ikkje skulde på andre enn oss sjølve om vi ikkje lykkast, sa Starheim.

Fleirtal forpliktar

- Dei som vil ha ei ny regjering må bruke stemmeretten sin, elles blir det fire nye år med raudgrøn regjering og det har vi ikkje råd til, meiner Starheim.

Men sentrumspartia vil jo ikkje samarbeide med Frp, og Frp vil ikkje støtte ei regjering dei ikkje er med i, kan vi då forvente at dei borgarlege skal få på plass ei styringsdyktig regjering?

- Ja, det trur eg. Då må leiinga i partia innsjå at dei har eit ansvar for å gje landet ei borgarleg regjering, det er ikkje så mange sakene som Frp, Høgre og Krf er usamde i og det vil dei innsjå om dei set seg ned for å diskutere. Dei sakene vi er usamde i er det råd til å leve med. Det har jo dei raudgrøne klart, avsluttar ein optimistisk Starheim.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.