...
Det er ikkje berre nederlendarar i Besseggen som vel feil klede. Men nesten alle dei 180 ungdommane som prøvde hesjing på garden til Jostein Midtbø var godt kledd for regnver.

Med ljå, sandalar og regnfrakk

Hesjing var heilt tydeleg upløyd mark for 180 ungdommar i Norddalsfjorden. 4H i Sogn og Fjordane arrangerer med 1700 leirdeltakarar frå fjern og nær ein av tidenes største 4H-leirar i Norden.

Publisert 24.07.2009 kl 16:53 Oppdatert 24.07.2009 kl 17:25

Tips ein venn på e-post:

...
Helge Sårheim var leiar for arrangementet, saman med Laila Otnes i bakgrunnen.
...
4H invaderar Søndre Midtbø.
...
Det er mykje å gjere før ein kan hesje. Først må ein ha staur.

4H i Norddalsfjorden

...

Ungdommar frå Scotland, England, Finnmark og Sør-Trøndelag fekk kurs i å hesje på garden til Jostein og Målfrid Midtbø.

Bilete frå fredag

Hesjande, våte, engasjerte og glade 4H-arar har invadert garden til Jostein og Målfrid Midtbø i Norddalsfjorden. Ei veke med leirliv gir og nokre nye erfaringar. Som at hesjing i sandalar kan vere farleg om ein er glad i føtene sine.

- Eg kjem frå ein gard, men vi driv no ikkje på slik som dette, ler Anita Døsvik (14) frå Sør-Trøndelag.

- Litt vanskeleg å vinkle ljåen. Det såg lett ut da han viste oss det, seier Jan Erik (15) frå Lerdal, og peikar på ein av instruktørane, Erling Midtbø.

- Vi slo slik for hand heile jordet då eg vaks opp, fortel Erling. - I 1952 kom første traktoren. men heilt fram til i dag slår vi med ljå der traktoren ikkje kjem til.

I fleire dagar har 4H-arrangementet vore førebudd i Norddalsfjorden. Opningssermonien starta onsdag i Gloppen med eit høglytt opptog med 17 ulike nasjonar representert. Leiv Sølvberg (64) frå Naustdal fekk då Kongen si fortenestemedalje i sølv for sitt viktige arbeid for 4H.

- Det vi ser er at alt tek mykje meir tid enn vi hadde trudd, seier Helge Sårheim.

- Vi sleit mellom anna med å få kontakt med ein buss-sjåfør som drog før vi fekk informert han om kva som skulle skje her inne. Det skal ikkje mykje til før det blir ein halvtime sprekk i programmet, seier Sårheim, som hadde med seg fire bussar fullasta med ungdommar til Norddalsfjorden, fredag.

Les meir i papirutgåva tysdag.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.