...
Amanda Heartness ved turistkontoret i Florø har hatt ein travle sommar så langt. Foto: Cecilie Eikås Nygård

Ingen turistsvikt langs kysten

FLORØ: Sjølv om overnattingsdøgna har gått ned i Sogn og Fjordane, merker ikkje dei lokale reiselivsbedriftene noko til finanskrisa.

Publisert 19.07.2009 kl 09:41 Oppdatert 19.07.2009 kl 13:30

Tips ein venn på e-post:


Firdaposten har tatt ein ringerunde til dei lokale verksemdene som driv med overnatting. Ingen av dei har ein nedgang som følgje av finanskrisa. Tvert om, fleire kan melde om betre tal enn rekordsommaren 2008.



Ned i Sogn og Fjordane


-Vi har ikkje tal å samanlikne med i fjor, men det har vore travelt, seier Amanda Heartness ved turistinformasjonen i Florø. Hennar inntrykk er at det er fleire nordmenn som ferierer i heimlandet er enn før.

-Det er veldig mykje norske turistar. Det er mykje folk som betaler for guiding, seier Heartness.

Statistikk frå Fjord Norge viser at overnattingar i Sogn og Fjordane i mai 2009 gjekk ned med 5,6 prosent i forhold til året før. Talet på utlendingar gjekk ned med heile 27,8 prosent medan talet på turistar frå Norge gjekk opp med 6,9 prosent.

Bra i Kalvåg og på Krokane


Hos Svein Inge Fosse på Knutholmen i Kalvåg er det gode tider. Dei har hatt ein liten auke i forhold til i fjor.

-For oss er vêret viktigare enn finanskrisa. Vi har ikkje så mange utlendingar og heller ikkje bussar. Vi satsar meir på reisande frå nærområdet, seier Fosse som hittil i sommar har vore så godt som fullbooka.

-Det har vore bra også når det har vore dårleg vêr. Det ser også bra ut på bedriftsmarknaden utover hausten.

Også hos Egil Melvær på Krokane Camping har dei hatt ein oppgang sidan i fjor.

-Omsetjinga hittil i år er opp fire prosent i forhold til i fjor, seier Melvær. Han opplev ein nedgang i britar. Elles er det mykje norske, tyske og nederlandske turistar. At næringslivet fungerer er viktig for Melvær.

-Så lenge dei har oppdrag på STX så har vi godt med utleige, seier Melvær.

Auke på Quality


På Quality Maritim hotell har dei også hatt ein liten auke trass i ein liten svikt i utanlandstrafikken.

-Vi har det beste året så langt. Men det er knytt like mykje til næringslivet. Det er litt tidleg å sei noko om årets turistsesong, seier bookingansvarleg Gro Leni Hansen.

På Farmen i Iglandsvik i Bremanger har dei både restaurant, gåvebutikk og overnatting. Dei har bra belegg til langt ut i september.

-Vi har oppgang frå i fjor og det er bra med tyske og norske turistar, seier May-Britt Bratseth.

På Svelgen Hotell lever dei for det meste av næringstrafikken. Hos dei er det omtrent som i fjor.

-Dei som har bussgrupper merkar det nok. Vi har omtrent like mange individuelt reisande som i fjor, seier fungerande dagleg leiar Jostein Eimhjellen.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Diesel regjerer fortsatt

Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.