FLORØ: Vil folket at Sparebanken skal gje heile neste års kulturpengepott til å byggje om vasstanken i Likkjeåsen til eit utkikstårn?
| Olav Hatlemark | |
| Publisert 16.07.2009 kl 08:17 Oppdatert 16.07.2009 kl 13:16 |
Sparebanken sender no ut ein prøveballong til eigne kundar i Florø. Kvart år har banken årleg drysse ut nærare ein million kroner til hundre ulike kulturtilbod, aktivitetar og prosjekt i kommunen.
Viktig nok?
Spørsmålet blir no om privatfolk og lag og organisasjonar i Florø syns
utkikstårnet er så viktig at dei er villige til å ofre kulturpengane i eitt
unntaksår, og heller heile potten gå til å realisere tårnet i Likkjeåsen
Banksjef Tom Staveteig syns at ideen til Hallvard Lunde om å gjere om
vasstanken til eit fyrtårn for kultur og gode opplevingar, var så god, at
han like godt gjekk ein runde i banken om saka. No oppmodar banken avisa om
å hjelpe til med å spørje folket om saka i nettavisa til Firdaposten. Sjølv
vil banken leggje spørsmålet ut på eigen nettstad.
Her vil kundane få sjansen til å svare på om dei vil la heile potten gå til
tårnprosjektet. Også dei som ikkje brukar nettet får ein sjansen til å seie
si meining. Banken vil leggje ut svartalong ved informasjonsdisken i Florø.
-Får vi dette til, kan vi få til noko som vil vere til glede for folk i mange
år framover, seier Staveteig og får støtte frå informasjonsleiar Nina
Hovland.
Dei meiner eit vilkår for eit godt prosjekt vil vere at også andre støttar
godt opp om monumentet til 150 års jubileet til byen. Firma H. Nygård har
alt lova å leggje taket gratis og bystyret vil gå inn med krisepengar.
Kor mykje banken vil gå inn med blir avgjort av kor godt det går med
bankdrifta i dette finanskriseåret.
Dei understrekar at begge det berr er den delen av kulturpengane som vanlegvis
går til sentrale delar av Florø det no er aktuelt å samle til
tårnprosjektet. Utkantane sin del vil gå som før til mange.
Også sponsorsatsinga til banken vil bli halden utanfor.
Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!
Les meir og delta i debatten!Kampstart om:
Motormagasin Å eie bil kan bli dyrt og kan by på bekymringer. Derfor velger mange leasing. Men hva lønner seg egentlig – eie eller leie bil? Les meir
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!Kampen om arealet 23.08.2010 - 18:40
Nye kommentarar