...
HISTORISK: Kurt-Arve Washburn skal vere første artist som har opptredd på Stabben, i alle fall sidan Florø kystkulturlag tok over. - I dag føler eg at eg gjorde noko historisk, det var stort. Eg hadde eigentleg tenkt å ta meg fri denne helga, men dette kunne eg ikkje seie nei til, sa Washburn. Foto: : Cecilie Eikås Nygård.

Sjarmerte tv-team

Laurdag vart nok ein historisk dag for Kurt-Arve Washburn.

Publisert 21.06.2009 kl 17:29 Oppdatert 21.06.2009 kl 19:45

Tips ein venn på e-post:

...
...
TO STJERNER: Kurt-Arve Washburn saman med Floortje Dessing. Ho er tv-stjerne heime i Nederland, som no er i Florø for å lage reiseprogram. Laurdag møtte ho Washburn. Foto: : Cecilie Eikås Nygård.
...
REISEPROGRAM: Det nederlandske tv-teamet er i Florø for å lage ein time langt reiseprogram frå Flora og resten av fylket. Washburn fortalde om livet på kysten. Foto: : Cecilie Eikås Nygård.

Ikkje berre skal han vere første artisten som har opptredd på Stabben, i alle fall i dette tiåret; då Washburn opptredde for det nederlandske tv-teamet vart programleiaren så sjarmert at ho arrangerte improvisert intervju etterpå.

Kjem Washburn med i reiseprogrammet blir han sett av rundt to millionar nederlandske sjåarar.

Hektisk liv

Fredag kjem første plata til Washburn. Den ligg allereie ute hos Platekompaniet, og vil bli sleppt nasjonalt med releaseparty i heimbyen.

- Det har vore veldig hektisk i det siste, noko som har gått ut over jobben min og helsa. Denne helga hadde eg faktisk tenkt å ta meg fri for ein gang skuld, men eg kunne ikkje seie ned til å spele på sjølvaste Stabben. Og som alltid var det kjempekjkt å opptre, sa Washburn.

Årsaka til at han vart spurt er at eit tv-team frå Nederland var i Florø denne helga for å lage reiseprogram. Dei ville lage noko om dei lange lyse nettene, og arrangerte fest på fyret, i regi av Florø kystkulturlag.

Sjarmerte tv-kjendis

Floortje Dessing er programleiar i tv-programmet som er ein slags nederlandsk versjon av reiselivsprogrammet Lonely Planet. Ho vart sjarmert av Washburn, og improviserte intervju med sangaren etter konserten.

- Det var utruleg kjekt. Nok ein gang har eg opplevd ting som er historisk i mitt liv, eg er utruleg heldig, sa Washburn etterpå.

Les kva vår platearbeidar meiner om plata som kjem på fredag her .

Kurt-Arve snart plateklar

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Diesel regjerer fortsatt

Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.