For første gong blei nasjonaldagen på Svanøy feira på ein nedlagt skule.
Skulen bei avvikla sist haust grunna for lågt elevtal. Men 17.maifeiringa blei avvikla med uforminska styrke med felles frukost på "2.etasje" på kroa og felles tog frå Marøy-krysset til skulen på Våg på ettermiddagen.
Musikkkorpset var vekt opp frå vinterdvalen no i mai. Ikkje så verst i eit lokalsamfunn med 60-70 fastbuande. Med to råferske musikar-debutantar i rekkene, minimalt med øving og utan dirigent, vart det likevel feiande flott marsjmusikk med "Norge i rødt, hvitt og blått". Vel framme vart det tradisjonell folkefest med god mat, 60 metersløp, mjølkespann- og hesteskokasting, tippekonkurransar og til slutt ei topping med ein god gammaldags liten "17.maibasar".
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar