SVELGEN: -Stoltenberg må tenkje «arbeidsplassar, arbeidsplassar og arbeidsplassar» i desse finanskrisetider, og sende Giske og dei andre ministrane som ikkje fokuserer på dette på ferie til Hawaii.
Det seier ein poengtert professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot i hans 1. mai-tale i Svelgen i går ettermiddag. Ein tale som i hovudsak tok føre seg utfordringane knytt til finanskrisa.
-Eg vil appellere til at arbeidarrørsla i den situasjonen verda har komen opp i, at dei må ta på seg skylappar og berre vere opptekne av å skape nye arbeidsplassar, seier Aarebrot og legg til at andre prioriteringar bør leggjast bort inntil vidare.
-Stoltenberg bør vere den neste Nygaardsvold, og ikkje fokusere på anna enn å skape nye arbeidsplassar.
Sparkar mot Førde
Men det er ikkje berre rikspolitikarane på Stortinget som utelukkande bør
fokusere på å skape arbeidsplassar. Også lokalpolitikarane bør kaste bort
alle andre omsyn til fordel for å skape arbeidsplassar, seier Aarebrot og
sparkar mot 1. mai-komiteen i Førde som ville protestere mot den store
gruveutbygginga i Vevring under deira 1. mai-markering.
-Det er nok av stein i Sogn og Fjordane. Dei som kjem med forslag til nye
arbeidsplassar skal ha forrang, alt anna blir berre distraksjonar, seier
Aarebrot.
Støttar Terra-kommunane
I talen sin i Svelgen sparka Aarebrot også mot regjeringa si handsaming av
Terra-kommunane, mellom dei Bremanger.
-Den såkalla Terra-skandalen kom eigentleg eit halvt år for tidleg. Hadde
dette skjedd eit halvt år etterpå, ville Terra-kommunane fått hjelp frå
Staten sidan det ville bli sett på som ein del av finanskrisa, seier
Aarebrot og understrekar at mediebildet av dei dumme
Terra-kommunepolitikarane som let seg lure ikkje er korrekt.
-Vi trudde det var slik, men Terra-skandalen var eigentleg forvarselet til
finanskrisa, seier han.
Ta ungdom på alvor
1. mai-markeringa i Svelgen vart opna av ordførar Kåre Olav Svarstad, før Svelgen skulemusikk underheldt publikum med tre musikkstykke.
Den fyrste appellen vart halden av ungdomsrådsleiar i Bremanger, Lina Vågene, som understreka at ungdom også har viktige innspel i samfunnsdebatten.
– Det er viktig å ta ungdom på alvor. På den måten kan lokalpolitikarane våre få andre perspektiv på sakene. Men dei må også ta meir initiativ utanom valåra, understreka ho i sin tale.
Dagens andre appell var ved HTV ved Elkem Bremanger, Knut Sande. Han viste til skuffelsen over at regjeringa ikkje har innfridd valløfta om industrikraftregimet.
Nye kommentarar