Partiet vart skulda for å svekke Kystvegen.
I bystyremøtet tysdag var Framstegspartiet med på alt i framlegg til vedtak, men ikkje på at brukarane skal stå for ein tredel av finansieringa av Kystvegen gjennom bompengar.
Frp heldt fast på prinsippet til partiet om at det offentlege skal betale for nye vegar. Det gjorde gruppeleiar Bjarne Holme klart, før presset kom frå alle kantar.
– Eg har aldri opplevd maken til press, sa gruppeleiar Bjarne Holme, etter møtet.
Det hjelpte ikkje at Åge Larsen, Ap, nesten trygla om støtte, slik at dei kunne møte fylket med eit samrøystes vedtak frå Flora.
Høgres Berit Seljeseth Osa bad innstendig Frp om å tenkje seg grundig om.
Enklare vart det sikkert ikkje for Frp å gje seg etter at Odd Stubhaug gjorde det klart at han ikkje akta å knegå Framstegspartiet i denne så viktige saka.
Etter langvarig massivt press bad Holme bystyret om gruppemøte. Partikamerat Johannes Bø ringde fylkesleiar og stortingsrepresentant Åge Starheim. Rådet frå fylkesleiaren var krystallklart. Stå imot!
Det gjorde Flora Frp.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar