Laurdag hadde tysdagsgjengen på Miljøhuset florøpremiere med musikalen deira «Tysdagsgjengen jaktar elefantar i Heiland».
Tvilsame krefter skal arrangere sirkus med fem elefantar i Førde, på dagen då Florø feirar 150 år. Dette gjer at arrangementskomiteen i Florø vurderer å avlyse heile byjubileet.
Lagnaden til byjubileet ligg i ei gruppe elefantjegerar frå Tysdagsgjengen.
Det er dette som er plottet for Tysdagsgjengen på Miljøhuset sin musikal «Tysdagsgjengen jaktar elefantar i Heiland» som hadde premiere laurdag.
Humor, glede og hjartevarme
Framføringa av musikalen på scenen laurdag var prega av mykje glede, humor og hjartevarme og bestod av både dans, drama og song.
Etter florøpremieren var skodespelarane særs nøgde. Ikkje minst rappar Tom Joel Fredheim, som framførde sin eigenproduserte rap.
– Dette var kanon. Eg er kjempenøgd, seier han og får støtte frå May Cecilie Valvik, stykket sin solist med klokkeklar røyst.
– Vi er veldig stolte. Gjett om dette var ein braksuksess, strålar ho.
– Alt var tima og perfekt. Eg er så stolt av heile gjengen at du anar ikkje. No gler eg meg til premierefesten nede på flåten på Hjørnevikbua, ler ho.
Nye kommentarar