...
Henrik Mathiesen Wefring (14) tok bronse i nordisk meisterskap i klatring i helga Foto: Terje Grøneng

Tok sølv i klatre-NM

I konkurranse med klatrarar frå rike profflag, tok Henrik Mathiesen Wefring (14) frå Florø klatreklubb andreplassen under NM i klatring for yngre juniorar i dag.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 19.04.2009 kl 19:28 Oppdatert 20.04.2009 kl 16:09

Tips ein venn på e-post:


– Dette er ein veldig sterk prestasjon av Henrik. Han kom inn som ein outsider, i konkurranse med to klatrarar som begge hadde klatra frå dei var ein neve stor og som klatrar for norges rikaste klatreklubb. Så at han klarer å konkurrere med desse, han som i realiteten berre har ein klubb bak seg og som berre har klatra i halvanna år, det er ein enormt sterk prestasjon.

Det seier ein særs nøgd Terje Grøneng, leiar i Florø Klatreklubb.

Under klatre-NM i Gjøvik i dag, stod det likt mellom tre av klatrarane i finalen. Det vart difor duka for superfinale. Der stod det endå ein gong relativt likt. Og etter det Firdaposten kjenner til, var det ein dommaravgjerdsle som måtte til for å avgjere konkurransen. Jacob Heber Norum frå Kolsås klatreklubb tok fyrsteplassen, Henrik Mathiesen Wefring frå Florø delte andreplassen med Thilo Schröter frå Kolsås klatreklubb.

Grøneng var ikkje til stades under NM sjølv, men etter det han har høyrt stiller han seg tvilsam til dommaravgjerdsla.

– Etter som eg forstår var det litt spesielt. Dommaren hevda at han som vann hadde etablert seg på eit klatretak høgare enn dei andre. Dette var det stor usemje om, seier Grøneng.

Henrik Mathiesen Wefring er sjølv komfortabel med dommaravgjerdsla.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Diesel regjerer fortsatt

Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.