Laurdag inviterte Jomentum til Korkafé med musikalsk hyggje, kaffi og kaker i festsalen i byens storstove.
Jomentum sin årlege korkafé er eit sikkert vårteikn. Slik har det vore i ein del år no.
Det var nesten ikkje plass til fleire smårollingar, stolte foreldre og bestemødrer, då dei laurdag atter ein gong inviterte til kafé i festsalen i Samfunnshuset.
På scenen stod barnekoret til Jomentum. Dei framførde den velkjende "haren og skilpadda" frå Æsops fabler til stor glede for dei frammøtte.
Alle dei frammøtte hadde trassa sol og varmegrader, til fordel for ei hyggjestund med familie og vener i samfunnshuset.
– Når dei lagar til noko slikt, må vi jo berre vere med. Så får vi heller sole oss på søndag, seier Gerd Maurset som fekk sjå barnebarnet på scenen.
– Dette er so kjekt. Trass i at dei er små, er dei veldig flinke. Det er nesten utruleg at dei klarer stå i ro så lenge, legg ho til.
– Vi synest det er bra at vi klarer fylle festsalen ein finværsdag.
Det seier leiar i Jomentum, Siv Årdal.
– Det er kjekt at så mange var interessert i å vere med på eit slikt uhøgtideleg arrangement.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar