...
I dag føremiddag var politiet på staden der to ungdommar hadde brote seg inn i klubbens garasje og stole ein motorsykkel. Foto: Jan Roar Hatlem

Stal MC i Florø – Køyrde til Bergen

To ungdommer frå austlandet hadde i løpet av natta teke seg inn i Flora MC-klubb sitt klubbhus og stole ein motorsykkel, for deretter å køyre den heilt til Bergen.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 19.04.2009 kl 16:52 Oppdatert 19.04.2009 kl 20:28

Tips ein venn på e-post:


Heisaturen til dei to ungdommane i slutten av tenåra byrja i Florø, med at dei braut seg inn i garasjen på Flora MC-klubb sitt klubbhus på Bjørnset.

Der fann dei Odd Willy Aadland sin Honda XL 600 offroadersykkel parkert.

Etter ein del prøving og feiling, fekk dei start på sykkelen ved å tjuvkople den.

Og med berre stolne arbeidshanskar, hettegensarar og to stolne heilhjelmar til å verna dei mot vær og vind, sette dei kursen mot Bergen.

Klokka ni i dag morgon nekta dei to å stoppe under ein rutinemessig politikontroll i Bergen sentrum. Ikkje før dei var komen til Kanalvegen, valde dei to ungdommane stoppe for politipatruljen som følgde etter.

Til politiet oppgav dei at dei hadde fått låne motorsykkelen av ein «ukjend ven». Då politiet sjekka registreringsnummeret kom dei fram til Odd Willy Aadland. Han kunne opplyse at han ikkje hadde lånt vekk sykkelen. For alt han visste stod den trygt i Florø.

– Det er kjipt at ikkje ting får vere i fred, seier Odd Willy Aadland til Firdaposten men legg samstundes til at hile episoden er vanvittig.

– Det er nesten litt komikk i dette. Ungdomane har i alle fall hatt ein kald oppleving, legg han til.

Begge ungdommane sit no i arresten i Bergen, og ventar på å bli transportert til Florø.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.