Kring klokka 15.00 byrja det brenne i eit stabbur i Eikefjord. Ingen kom til skade i brannen.
Ingen kom til skade då eit eldre stabbur brann fredag ettermiddag, like attmed kyrkja i Eikefjord. Det skal heller ikkje ha vore noko av verdi i stabburet. Det fortel det frivillige brannmannskapet i Eikefjord.
Då dei kom til staden litt over klokka tre, velta det røyk ut or møna på stabburet. Litt seinare, då tankbilen kom til staden, hadde flammene klart å sluke det vesle bygget.
Brannen spreidde seg ei stund austover, oppover ein bakke med gras, men denne klarte mannskapet fort få under kontroll.
Brannmannskapet fekk kontroll på brannen rundt kvart på fire. Då var størsteparten av huset brent ned.
Det er førebels uklart kva årsaka til brannen er.
Nye kommentarar