I ein nervøs og prøvande fyrste kamp i cupen, vann FSK fortent 1-0 over Eid.
– Vi vinn heilt fortent, men burde ha punktert kampen tidlegare. Kampen vart ein typisk opningskamp, med lite konstruktivt spel og høge skuldre. Likevel, spelarane gjev full pinne og gjer ein god innsats.
Slik oppsummerer FSK-trenar Rune Hovland 1-0-kampen mot Eid i ettermiddag.
Første omgang var relativt jamnspelt, før FSK sette opp tempoet det siste kvarteret før pause.
Etter dette var det hovudsakleg FSK som regjerte på bana, men utan å produsere noko særleg farleg før Torstein Grytten heada inn kampens einaste mål i det 85 minutt.
Nye kommentarar