Skaut rekordstor brunbjørn i Kroatia

Inge Helge Vassbotten skaut måndag kveld den største brunbjørnen som nokon gang er felt i Kroatia, men får ikkje med seg dyret ut av landet. No hamnar kjempa på museum.

Publisert 10.04.2009 kl 07:27 Oppdatert 13.04.2009 kl 11:53

Tips ein venn på e-post:

...
LEGENDARISK: Inge Helge Vassbotten er i ferd med å sikre seg ry som ein legendarsik storjeger frå Flora i Sogn og Fjordane. Foto: Jon Sørland
...
LURT? Inge Helge Vassbotten likar ikkje å bli lurt for sjansen til å få med seg dyret heim til trofesamlinga i Høydalsfjorden. Foto: Jon Sørland
...
Faksimile utsnitt frå av isa Vecernji list i Kroatia. Her ser vi dimensjonane på dyret. Foto: Faksimile frå Vecernji list
...
Stor interesse frå bjørnejakta i Kroatia. Her faksimile av Crotalk.com. Foto: Pressefoto

BILDE: Bjørnejakt i Kroatia

...

Inge Helge Vassbotten har skote den største europeiske brunbjørnen som er felt i Kroatia

Så bilde her

Vassbotten og jaktfølget var 1000 moh, i fjellområdet Velebit, kring 140 km frå Zagreb, då han måndag kveld felte kjempedyret som målte heile 240 cm og vog 320 kilo. Det skal vere den største europeiske brunbjørnen som nokon gong er felt i Kroatia, og blant dei største i verda. Dimensjonane er gigantiske, berre skinnet åleine veg truleg rundt 65 kilo. På ein spesiell skala som blir nytta oppnådde kjempa heile 530 poeng, 42 poeng over den gamle rekorden. Gullmedalje får ein allereie ved 305 poeng, og då forstår ein litt betre at her er det snakk om ein verkeleg kjempe. Bjørnen er truleg kring 20 år gammal.



Slit å dra på


Vassbotten fortel at sjølve jakta var relativt udramatisk, dei venta nokre få timar før dyret blei felt.

- Vi såg først ein anna bjørn, men guiden var veldig nervøs og sa eg ikkje måtte skyte den så han meinte den var for liten. Eg trur ikkje den var so mykje mindre enn den eg skaut litt seinare. Då den var felt gjekk vi fram for å sjekke at alt var i orden før vi slepte den fram, og det var eit slit. Eg har vore med å trekke fram store elgoksar tidlegare, men dette var tyngre. Vi var fem mann og terrenget var flatt, men likevel greidde vi berre å dra 15-20 meter i slengen før vi måtte ta ein pause.

Får den ikkje med seg


Men Vassbotten kan ikkje føye bjørnen til det allereie imponerande troferommet heime i Høydalsfjorden i Flora.

- Nei, den hamnar på museum. no sidan den er den største som nok gong er felt i Kroatia. Eg føler at myndigheitene prøvde å lure meg. Onsdag fekk eg melding om at det var skote ein endå større bjørn, noko eg er sikker på berre er ein bløff. Det er i alle fall ikkje eit ord om det i avisene, mens den eg skaut er omtalt i alle aviser. Sidan den då ikkje lenger skulle vere den største, fekk eg tilbod om å betale for å få den med, men dei var ikkje villig til å akseptere den prisen eg ville gje. Torsdag fekk eg så vite at bjørnen skal på museum, eg fekk tilbod om å gå ut på ny jakt torsdag kveld, men det valde eg å avslå. Eg likar ikkje å bli halden for narr, seier Vassbotten irritert.

Erfaren jeger


Vassbotten er ein erfaren jeger og har vore på jakt i ei rekkje land i Europa, Afrika og Nord-Amerika. .

- Eg slutta å telle antall hjortedyr då eg passerte 300, og det er ein halv mannsalder sidan. Eg skyt kring 35 hjortedyr i året, mellom anna skaut eg verdas største asiatiske Maral (asiatisk hjortedyr) i Kasakhstan og eg har skote bison i USA, så eg er ikkje ukjend med store dyr, avsluttar Vassbotten.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.