Sist onsdag var kring 100 store og små samla til hyggeleg fest i Steinhovden skule.
Festane som lærarar og foreldre ved Steinhovden skule steller i stand, har fått eit godt omdømme og dreg til seg sambygdingar og nokre som kjem frå bygdene omkring. Besteforeldre frå Eikefjord til Steindalen var på plass og såg ut til å stortrivast.
Storskulen hadde ansvaret for avviklinga av festen og underheldt dei som møtte fram med mykje flott song og musikk og tekstlesing. Gjennomgåande tema var: «Sånn som du vil at andre skal vere mot deg, skal du vere mot dei.»
- Det var så bra, og alle fortener stor takk og mange verbale blomster for godt planlagt og gjennomført fest. Elevane var så flinke til å synge at det gav frysningar nedover ryggen av songglede og musikalitet, fortel Gunn Steinhovden.
Åresalet gav ei inntekt på 5000 kroner, noko som kjem godt med til skuleturen. Masse gode kaker, varme pølser, brus og sjølvsagt kaffi gav god stemning og god prat.
Nye kommentarar