Det er rekordsal av innbrotsalarmar i Eikefjord og Florø.
Etter at Firdaposten 26. mars skreiv om eit ektepar i Eikefjord som fann ein innbrotstjuv på loftet, har fleire tatt skrekken og gått til innkjøp av innbrotsalarm.
Berre siste veka har SFE Alarm selt 15 alarmar i Florø og Eikefjord. Det er like mange som dei vanlegvis sel på ein månad.
– Det har vore ein utruleg pågang på alarmar etter innbrotet i Eikefjord. Det verker som om fleire har blitt merksame på tryggleik og vil sikre seg meir.
Det seier Robert Endestad, prosjektansvarleg for SFE Alarm.
Like etter at Julie Humlestøl på Storebru las om innbrotet, kontakta ho SFE Alarm og bestilte overvakingsanlegg til heimen.
– Det var ikkje så mykje å tenkje over lenger. Vi har vurdert alarm ei stund no. Men vi valde å la vere, for vi trudde vi budde i ei stille og fredeleg bygd. Men etter at eg las om innbrotet i avisa, ser eg at den skumle verda er komen til Eikefjord, seier ho
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar