...
KUN FOR KUNDAR: Årets sildebord blir i utgangspunktet berre for Sparebanken Sogn og Fjordane sine kundar. Men om du er villig til å gå med reklame t-skjorte, eller opprette konto i banken, kan du ha sjansen på plass - om du er rask.

Sparebanken kuppar sildebordet

Bankkundar får førsterett til årets sildefest i Strandgata.

Publisert 01.04.2009 kl 09:51 Oppdatert 02.04.2009 kl 13:46

Tips ein venn på e-post:


Dette var Firdapostens aprilspøk:

Det stod følgjande;

Sparebanken Sogn og Fjordane inngjekk i dag ein sponsoravtale med sildebordskomiteen i Florø som femner langt vidare enn tidlegare avtalar. På grunn av sviktande økonomi og dårleg oppslutning rundt kollekten rundt dei årlege sildeborda, er økonomien i krise. For i det heile å berge landets lengste sildebord, må arrangørane no tenke nytt.

Prioriterer sine eigne

- Vi går no tungt inn for å sikre at sildebordet i det heile skal overleve. Men då krev vi sjølvsagt noko tilbake - og då i første rekkje til kundane våre, seier banksjef Johan Magerøy.

Etter det Firdaposten kjenner til, går det dermed mot ei minimumsløysing når borda blir dekte i juni. Det vil bli sett ut benkar og stolar til berre 500 personar, og i utgangspunktet er det banken som rår over desse sitjeplassane. Og det vil kun bli dei sitjande som får forsyne seg av sildesortar, poteter og drikke.

- Vi kjem til å nummerere borda og sitteplassane, og dei som vil sikre seg eit godt sildemåltid, må kontakte banken anten personleg eller ringe frå i dag av og tinge seg plass. Etablerte kundar vil ha førsteretten til plassane, men mot slutten av månaden kjem vi til å dele ut plassane også til andre florøværingar, seier Magerøy.

- Kva kan dei som ikkje er bankkundar gjere for å sikre seg plass alt no?

- Då får dei to val. Dei kan anten opprette ein konto og få eit kundeforhold i dag. Eit anna alternativ er at dei får reklame t-skjorter med bankens logo på, som dei pliktar å ha på seg under sildebordet, seier Magerøy, som ikkje ventar seg dei store reaksjonane på avtalen.

Vanleg strategi

- I dag er det heilt vanleg at større næringsaktørar går inn som hovudsponsorarar på kulturarrangement, og får fordelar av dette. Vi har framforhandla ein avtale vi er godt nøgde med, og i tillegg fått namnet vårt inn i arrangementet.

Det banksjefen siktar til, er at årets sildebord vil få nytt offisielt namn. I all marknadsføring skal sildebordet frå no av omtalast som Sparebanken Sogn og Fjordanes Sildebord Norway 2009.

Vi du vere ein del av årets sildebord, bør du dermed skunde deg til banken i Strandgata. Allereie i morgontimane onsdag like etter opninga, var pågangen stor i banklokala. Ønskjer du å ringe banken for å tinge plass, kan du gjere det på telefonnummer 57 82 97 00.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.