FLORØ: Først i Flora, først i fylket, sjette bedrift i Norge og blant 20 utvalde i Europa. Origod kan smykke seg med å ha eige europeisk sertifikat som garanterer kvaliteten for levering av velferdstenester.
Attføringsbedrifta i Florø har henta heim det høgthengjande diplomet EQUASS, etter å ha overtydd kresne sensorar utsende frå Brussel.
I staden for tur til Brussel for å ta imot diplomet, feira leiinga at dei kom seg gjennom nålauget med eigne tilsette, samarbeidspartar frå bank, næringsliv, kommune og NAV i kantina til produksjonsbygget i Gunhildvågen.
Ministerbesøk
Ingen mindre enn fornyingsminister Heidi Grande Røys, elegant svartkledd i
høge helar, var med og kasta glans over kvalitetsbeviset.
Ho rosa bedrifta for prestasjonen og viljen til å vere i forkant og stod for
utdelinga av diplomet. Ikkje minst stod det respekt av at det var ei
attføringsbedrift drive av det offentlege som hadde greidd dette.
-Det er ikkje alt i næringslivet som berre dreier seg om pris. Andre
kvalitetar kan vere minst like viktige. Det har de i Origod vore eit bevis
på, sa ministeren frå Florø og Kalvåg.
Røys hausta både ros og blomsterbukett tilbake for å ha støtta
sertifiseringsarbeidet og vore med og fått det i gang på dette området også
i Norge.
Omfattande
Origodsjef Petter Refsnes fortalde at dei måtte gjennom lange intervju og
tilfredsstille over 100 ulike kriterium der vilje til nytenking og nyvinning
var kjernespørsmåla. Han rosa særleg og prosjektleiar Kjartan Kvellestad og
andre tilsette hos Origod for at dei greidde krava etter to års målretta
innsats. Takk gjekk også til NAV og eit lokalt næringsliv som hadde vist
stor vilje til å bruke folk frå attføringsbedrifta.
Origod sjef Petter Refsnes kalla dagen ein merkedag for bedrifta. Men diplomen
på veggen betyr ikkje at dei kan lene seg tilbake og ta det med ro. Om to år
må dei igjen svare for seg og bevise nyvinningar på minst to nye område, for
å behalde sertifikatet
Til inviterte gjester og venner av bedrifta venta det og snittar og
underhaldning: song av Kristin Skau i vakkert samspel cellist Sanya Dukanac,
begge lærarar frå kulturskulen.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar