Mathias Stang i Flora AUF ber Flora kommune trekke ut kontaktane ein time i mars.
Det er eit internasjonal miljøtiltak i regi av WWF som no har nådd Flora AUF. Den internasjonale miljøorganisasjonen har som mål å få ein milliard menneske med på ein straumlaus time frå klokka 20.30 til 21.30 den 28. mars. Markeringa globalt har framfor alt ein symbolsk verdi, men Mathias Stang meiner at initiativet kan få ein god effekt som energisparing om storforbrukarane blir utfordra.
– Vi kjem mellom anna til å utfordre Flora kommune til å slå av straumen i alle kommunale bygg og vere aktive i dette prosjektet, seier Stang.
Han håpar 28. mars kan bli den dagen då folk går ut i nabolaget for å sjå kven som er opptekne av miljøet ved at straumen blir skrudd av.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar