- "Florøsjela" kan ikkje reddast

- Det let seg ikkje gjere å sette i stand Trovik-bygget, meiner Sverre Steinbakk.

Publisert 22.01.2009 kl 14:25 Oppdatert 22.01.2009 kl 14:26

Tips ein venn på e-post:

...
Huseigar Sverre Stenbakk ser på ein del av golvet som er på veg ned i bakeriet i Trovik-hjørnebygget. Foto: Harald J. Stavang

BILDE: Bli med inn i Florøsjela

...

Firdaposten har sett innsida av Trovikeigedomane anno 2009. Om Florøs sjel sit i dette bygget, kan byens tilstand best beskrivast som "kritisk og ustabil".

Sjå bilde her

Sverre Stenbakk arbeider no med både sal og regulering av Trovik-kvartalet.

- Det som hastar no er å få gjennomført reguleringa i dette kvartalet. Det gjer det også lettare å selje eigedommen, seier han.

Han og Horne brygge har gått saman om reguleringsarbeidet, og er i dialog med Flora kommune og sentrale politikarar.

Rehabilitering

- Du ser heilt bort frå vern/rehabilitering av denne eigedommen?

- Firdaposten har no sett med eigne auge, og eg kan berre vise til rapporten som ligg føre. Der heiter det bl.a. at det ikkje let seg gjere å sette i stand noko slikt, svarar Stenbakk.

Han strekar under at det første planutkastet dei presenterte var nettopp det, det første utkastet for å komme igang med reguleringa.

- Får vi rive det gamle hjørnebygget og reise noko tidsmessig, så treng vi ikkje komme så mykje lengre ut i sjøen, seier Stenbakk.

Nye idear

Dei jobbar no med nye idear for både Trovikeigedommen og Horne brygge.

Men han er framleis innstilt på å selje.

- Ja, med mindre eg ser det blir opna for ei utbygging som kan gje rentabel drift. Det spørs kva eg får lov til. Eg kan ikkje bygge for å drive med tap, seier Stenbakk.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.