Hjortejeger frifunnen for skumringsjakt

Gulating lagmannsrett kom til motsett konklusjon enn Tingretten.

Publisert 20.01.2009 kl 14:17 Oppdatert 20.01.2009 kl 14:36

Tips ein venn på e-post:

...

Ein jeger frå Balestrand blei tysdag frifunnen for å ha jakta uforsvarleg då han hausten 2006 skaut ei hjortekolle på innmark i Balestrand, melder Sogn Avis på sine nettsider .

Det var mørkt då jakta gjekk føre seg på bøen, men ikkje mørkare enn at jegeren, med gode optiske siktemiddel fann det forsvarleg å skyte. Hjorten blei felt på kort hald med eit skot som ekspertar ved flåing og handtering av slaktet fann ut var heilt korrekt plassert.

Men politiet fekk tips om at jakta den aktuelle novemberkvelden var uforsvarleg, og valde å rykkje ut til staden. Der kverrsette dei hjorten og det blei seinare reist sak mot jegeren, som heile vegen nekta å ha jakta på ein måte som var i strid med lover og reglar. Han blei seinare dømd i Tingretten, og valde å anke saka.

Etter grundige åstadsbefaringar og vitneførsel frå begge sider, kom lagmannsretten tysdag fram til at mannen ikkje hadde brote regelverket.

Mange av landets stortviltjegerar har venta på den prinsippielt viktige dommen, som i verste fall kunne sett stopp for all bøjakt etter hjort og anna storvilt. Det hadde i så fall vore eit paradoks, sidan forsking viser at langt færre dyr blir skadeskotne under bøjakt enn under jakt i skogen.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.