Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
WEB-TV: Finn Jarle Sæle talar

Finn Jarle Sæle talar til deltakarane i fakkeltoget for Israel i Florø.

Demonstrerte for Israel

Israel-venner frå heile fylket kom til Florø for å møte Finn Jarle Sæle og markere si støtte til Israel måndag kveld.

Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 19.01.2009 kl 21:16 Oppdatert 20.01.2009 kl 12:51

Tips ein venn på e-post:

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
WEB-TV: Erlend Bøe talar

Erlend Bøe heldt appell etter fakkeltoget for Israel.

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
VIDEO: Fakkeltog for Israel

Fakkeltog og støtteaksjon for Israel i Florø.

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
WEB-TV: Syngande demonstrantar

Deltakarane sang og dansa for å halde varmen medan dei venta på at fakkeltoget skulle gå.

...
Finn Jarle Sæle, redaktør for Norge i dag, var sjølv ivrig fotograf under støttemarkeringa for Israel, og tok bilde av Israel-vennene Foto: Linda Regina Bruvik

BILDE: Fakkeltog for Israel

...

Måndag kveld markerte Israel-venner si støtte til landet ved å gå i fakkeltog i Florø. Finn Jarle Sæle og Erlend Bøe heldt appellar.

Sjå bilde her

Mellom 40 og 50 menneske møtte fram for å gå i fakkeltog for Israel i Florø måndag kveld. Det var tilreisande frå fleire stader i fylket, mellom anna Jølster og Førde.

Det var Erlend Bøe i Sogn og Fjordane FpU som sto bak arrangementet, og med seg på laget hadde han Norge i dag-redaktør og Israel-venn Finn Jarle Sæle.

Forseinka

Demonstrasjonen vart først veldig forseinka, då Sæle hadde køyrd feil på veg frå Bergen til Florø.

Israel-venner sto på Amfi-parkeringsplassen og fraus i nesten ein time før ein fekk melding om at Sæle snart var framme. Då gjekk fakkeltoget roleg gjennom Strandgata og Markegata, og enda opp i parken, der dei møtte nyankomne Sæle.

Stemninga var god trass den kalde vinden, og deltakarane sang mellom anna "Shalom malachem", dansa og heia på Israel. I front i toget var det to israelske flagg og eit norsk.

Appellar

Etter demonstrasjonen var det appellar i paviljongen.

Finn Jarle Sæle gjekk her til åtak på Hamas og på norske media. Sistnemnde meiner han er svært partiske i dekkinga av Israel-Palestina-konflikta. Han meiner at det Israel har gjort er fullt lovleg, og at dei ikkje har brote menneskerettane. Han refsa også mellom andre Kristin Halvorsen og Kåre Willoch for deira ståstad.

Sæle gav Hamas skulda for krigen. Han meinte også at dei nye bombene Israel har nytta i denne krigen kun har ti meter sprengradius, og at media har unnlete å ta inn over seg dette.

Statsministerkandidat

Han skrytte også veldig av Erlend Bøe sitt initiativ, og sa han håpte dette var starten på noko i Sogn og Fjordane. Han meinte også at Bøe om nokre år ville bli statsministerkandidat.

Bøe sjølv nytta sin appell til å kun snakke om ytringsfridomen. Han synest ikkje det gjorde noko at så få hadde møtt fram, det var ikkje talet på folk i toget som var viktig, men at folk turde å stille opp og vise meininga si.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.