FLORØ: Bystyrerepresentant Knut Andor Nesse gjekk til val på å hjelpe dei svake i samfunnet. Han meiner å gjeninnføre eit ølpol vil vere eit steg på vegen.
Knut Andor Nesse i Flora Demokratiske Solidaritet har sjølv kjent på kroppen freistinga frå alkoholen i butikkhyllene. Han gjekk hausten 2007 til val på eit program som skulle hjelpe dei svakaste i samfunnet og her under rusmisbrukarane. På dette feltet har han såleis større truverde enn resten av bystyret. Og han er klokkeklar i sitt syn.
-Å fjerne alkoholen ifrå matvarebutikkane vil vere å rekke dei svakaste ei hand, seier han.
Nesse fortel dei som ikkje har kontroll over alkoholen blir råka av at alkoholen finnast i alle butikkar. Det betyr det blir lettare for dei som slit å drikke igjen.
Alkoholen skrik til deg
-Er du alkoholikar står alkoholen og skrik til deg i butikkhyllene kvar gong
du er på butikken for å handle deg mat. Dermed kan behovet for å handle mat
vere steget til at ein hamnar på fylla ei veke i strekk, dette er noko eg
har førstehands kjennskap til og det er ein uting, seier Nesse.
Han hadde gjerne sett at det var eit eige utsal ein måtte oppsøke for å få
kjøpe alkohol i Florø.
At dette skal opprettast for kommunen å få fleire inntekter på er underordna
målet om å få fjerna alkoholen frå butikkhyllene. Likevel meiner han ein
institusjon som ettervernet hadde hatt behov for større støtte.
Ettervernet
Ideen med å kunne nytte inntekter frå ølsal i kommunal regi til utgifter rus
påfører kommunen, ønskjer han såleis velkomen.
-Kan mitt arbeide i politikken redde ein person frå å hamne på fylla gjer eg
det eg er vald for, seier Nesse.
Han meiner dessutan at det er naivt å ikkje sjå doblinga i ølkonsum i Flora
dei siste 10 åra i samanheng med at alkohol er blitt lettare tilgjengeleg i
denne tida.
-Eit ølpol gir ein vinn-vinn gevinst for Flora. Dei som slit vil kunne handle
mat i fred sjølv om øl er tilgjengeleg for alle, og kommunane før inntekter
av salet, avsluttar han.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar