FLORØ: To kommunale ølmonopol på ulike plassar i Flora. Men framleis øl i butikk i utkantane, meiner rådmann Terje Heggheim i Flora. Kva meiner du?
Dette blir fungerande rådmann sitt svar på bestillinga til bystyret frå i juni. Då tinga fleirtalet ei utgreiing om gjeninnføring av ølmonopol.
Dyrt for kommune
-Det er kommunen som får dei store utgiftene som følgjer med alkoholen. Eg
meiner derfor at det er rett og rimeleg at kommunen då sikrar seg inntektene
for å finansiere det ruspolitiske, førebyggande og arbeidet med ettervern,
meiner Heggheim.
Rådmannen har heller ikkje kalkulert inntektene. Uansett vil det vere snakk
om fleire millionar kroner. At han vil ha to utsal i sentrum grunnar
Heggheim i at det elles kan favorisere butikken som vil ligge nærast eit
ølmonopol.
Blant mange politikarar i Flora har det vore stor irritasjonen over
daglegvarebutikkane som fekk ølsal og først lovde å gje av overskotet til
kulturpengane til Flora kommune, men så bakka ut etter nokre års ølsal.
Ikkje kulturpengar
Heggheim ser på kulturpengane frå ølsalet som eit avslutta kapittel. Han
avviser at dette er grunnlaget for at han no vil gå til bystyret og be om
gjeninnføring av ølmonopol, som den første kommunen i Norge som kan komme
gjere noko slikt. Og i ein situasjon der det berre er eit par ølmonopol att
i fedrelandet.
-Eg syns likevel det vil vere rart om bystyret først bad meg greie ut saka,
for så å vidareføre ølsalet i butikk, kommenterer Heggheim.
Om der skal gå av overskot frå eit kommunalt ølmonopol til førebyggande
kulturarbeid, blir noko politikarane må svare for, meiner Heggheim
- Du likar øl sjøl?
-Eg er glad i øl. Men eg har eit ansvar i rolla som samfunnsplanleggar for å
sjå saker i ein større samanheng.
ØLSAL
Ølsalet i Flora (2007)
Coop Mega 52700 liter
Coop Prix 38900 liter
Ica Nær 35800 liter
Combi Spar, Florø 49400 liter
Combi Spar Krokane 23800 liter
Rema 1000 Amfi 69200 liter
Rema 1000 Evja 63400 liter
Kiwi Vest 29200 liter
Havreneset mat14500 liter
Lidl Norge 42300 liter
Eikefjord handel 28100 liter
D.Sunde Rognaldsvåg 9600 liter
Svanøy yhandel 6600 liter
Nærbutikken tansøy 14700
Anders Haave Stavang 18500
Fanøy handel, Batalden 5900 liter
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar