Erlend Bøe har meldt eit drapstrugsmål til politiet etter at han i Firdaposten annonserte at han ville markere støtte til Israel. No er han redd.
- Eg føler at ytringsfridomen og meiningane mine blir innskrenka av ein som prøver å drepe meg. Det er utruleg trist og eg blir litt usikker på om eg skal gjere dette eller ikkje, seier Bøe til NRK . Han er fylkesleiar i ungdomspartiet til Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.
Bøe fortalde i dag til Firdaposten at han ville møte opp under eit fakkeltog til støtte for Palestina i heimbyen Florø på fredag med eit Israelsk flagg. Saman med andre Israel-vener ville han stå på fortauet medan fakkeltoget gjekk forbi. Reaksjonane let ikkje vente på seg, og enkelte av dei gjorde 17-åringen livredd.
Ei skriftleg melding på dårleg norsk slår fast at han må halde kjeft eller så ville miste livet.
- Det kan verke som om personen ikkje er norsk i forhold til skrivemåten, men kven det er og kva bakgrunn personen har veit eg ikkje noko om, seier Bøe til NRK.
Debatten har gått friskt i Firdaposten sitt debattforum, Kystpuls.no. Les kommentarane her.
Bøe har meldt saka til politiet og er skeptisk til å vise seg utandørs. Politiet er ferd med å gjere ei risikovurdering, og vil koble inn andre politiinstansar torsdag morgon.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar