Kuppa «Årets namn»-kåring

Leiar i AUF Sogn og Fjordane, Kjetil Bergheim, har aktivt gått inn og manipulert avstemminga. Grunne er at ein kandidat som er med på kåringa ikkje skal kunne avgjere utfallet.

Publisert 02.01.2009 kl 21:17 Oppdatert 03.01.2009 kl 14:56

Tips ein venn på e-post:

...
TOK OVER: Kjetil Bergheim har teke over og manipulert Firdaposten si «Årets namn»-kåring, fordi han meiner den er udemokratisk. Foto: Linda Regina Bruvik
...
Foto: Harald J. Stavang

Grunnen er at han mistenkjer politikaren og Unge Høgre-leiar i Sogn og Fjordane Jacob Nødseth for å mobilisere for å vinne. Eller rettare sagt manipulere avstemminga for å vinne.

- Eg var innom nokre dagar seinare og då hadde han tatt igjen forspranget. Et par timer etter det hadde han fått om lag 100 nye stemmer. Då fann eg ut at det var ugler i mosen, seier Bergheim.

Bergheim fekk difor ein kamerat til å lage eit program som skulle gi stemmer automatisk. Tidleg var det to kandidatar som drog ifrå i avstemminga, Jacob Nødseth og Herdis Seim.

Programmet Bergheim fekk laga gav stemmer til Seim slik at ho tok igjen forspranget til Nødseth.

For å finne ut kva som var skjedd fekk han kameraten til å loggføre stemmene som vart gitt, og til kva tidspunkt. Då kunne han undersøke kor tid stemmene kom. Då fekk han sjå at mange stemmer kom på korte tidsrom.

– Frå klokka 21.00 – 21.30 1. nyttårsdag kom det 70 stemmer til Nødseth, og ingen i timane før og etter. Natt til første nyttårsdag kom det inn 15 stemmer mellom klokka 04.00 og 04.02.

– Kva blir gjort trur du?

- Det skal eg ikkje vere for sikker på, men det er tydeleg at ein «fanklubb» er engasjert for å gjere Jacob Nødseth til Årets namn. Og det skal strekast under at ein slik fanklubb kan vere ein og samme person, meiner Bergheim.

– Kvifor gå inn å manipulere ei slik avstemming?

– Eg vil ikkje at ein person med på kåringa skal avgjere utfallet.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Diesel regjerer fortsatt

Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.