Ber Fylkesmannen gripe inn

Framstegspartiet meiner Flora kommune bryt lova.

Publisert 02.01.2009 kl 19:15 Oppdatert 02.01.2009 kl 19:51

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Olav Hatlemark
...
VURDERING: Bjarne Holme og resten av Flora Frp har bede Fylkesmannen vurdere millionløyvinga til Florø Idrettssenter. Foto: Olav Hatlemark

Gruppeleiar i bystyret for Frp, Bjarne Holme, har på vegner av Flora Frp bede Fylkesmannen gjennomføre ein såkalla lovlegheitskontroll av eit bystyrevedtak i fjor haust, der det blei løyvd 936 000 kroner til aksjeselskapet som driv Florø Idrettssenter. Pengane er meint å skulle dekke selskapet sine rentekostnader på eit lån på rundt 15 millionar kroner. Men Frp meiner vedtaket er eit forsøk på å omgå lovverket.

– Fylkesmannen har tidlegare vendt tommelen ned når det gjeld å gjere om ansvarlege lån til tilskot. Vi ser liten forskjell på dette og det som no skjer. Dette er berre ein ny vri for å omgå Fylkesmannen sine tidlegare vurderingar, skriv Holme i brevet.

Flora Frp meiner at kommunen sin økonomiske situasjon burde tilseie at ein ikkje brukte pengar på denne måten.

Tidlegare har også SV og Venstre vore kritiske til økonomiske disposisjonar opp mot Florø Idrettssenter.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.