Eit trettitals innvandrarar og asylsøkjarar demonstrerte i dag mot den israelske flybombinga av Gaza.
Følgjet på om lag 30 personar, i hovudsak menn og ungar, frå Libanon, Irak, Somalia og Tsjetsjenia i tillegg til fleire palestinarar, gav sterk lyd frå seg og markerte seg tydeleg på parkeringsplassen utanfor kjøpesenteret i Florø.
Dei bar plakat som sa: «Stopp med drepinga av barn», veiva med palestinske flagg og synte fram plakatar med bilde av offera frå aviser og blad. Innimellom kom taktfaste tilrop som: «Ned med Israel, ned med USA".
– Vi kjem til å demonstrere kvar einaste dag framover så lenge Israel held fram med terroren sin mot sivilfolket i Gaza, lova Bsharat, palestinsk flyktning og talsmann for demonstrasjonen.
– Vi takkar Norge. Her kjenner vi oss trygge. Det er likevel underleg at det ikkje kjem sterkare reaksjonar på brota på menneskerettane, sa den palestinske talsmannen.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar