FLORØ: - No må dei nostalgiske Florøpatriotane sjå seg om. Vi kan ikkje stoppe utviklinga medan dei gamle husa rotnar ned rundt oss. Det er i alle fall ikkje å bevare «Florøsjela», seier Bjarte Ellingsund.
Ellingsund arbeider i SFE Nett i Florø og tek oss med opp på taket på mur/betongbygget som fekk Flora kommune sin byggeskikkpris i 1998.
Utsikt til forfall
- Eg er sjølv gammal Florøgut, fødd i 1947 og oppvaksen i ytre Strandgata.
Slik sett kunne eg vore ein del av aksjonskomiteen for «Florøsjela», men er
det ikkje fordi eg er rykande ueinig i tankegangen som ligg bak, seier han
og slår ut med hendene.
- Aldri har vel husa der ute, med få heiderlege unnatak, vore styggare enn
no, legg han til.
Frå SFE-taket er utsikta variert, frå Hestenesgata og vestover via Amfi med
betongtårnet, slakteriruinen, dei gamle 1800-talsbuene, kaier og bygningar
med skrå og flate tak, til kyrkjespiret og Fugleskjerterminalen, og med dei
runde, skogvaksne åsane som vakker innråming.
- Dette er «50-tals-sjel»
- La oss få ein diskusjon om god og moderne arkitektur, men kom ikkje med
flosklar om ei «sjel» som er gått ut på dato, seier Ellingsund og klesser
til:
- Dette «sjela» er den eg voks opp med på 1950-talet. Då var det var 23
butikkar og verksemder i ytre Strandgata frå «Fiskematen» til Trovik. Då
budde er meir folk i gata enn i heile Eikefjorden. Denne tida er nostalgi og
for lengst forbi. Å starte underskriftsaksjonar for å bevare det
«pittoreske» i ei gate der husa rotnar ned, det står for meg som
bakstreversk, seier Ellingsund engasjert.
«Turistflorø»
- Haavebua er vel eit eksempel på eit vellukka byfornyingsprosjekt?
- Ja, saman med hotellet, ikkje som Haavebua åleine. Kvart prosjekt må finne
ei form som kan fungere i vår tid. Å drive «Trovikkvartalet» som det er, har
mange nok prøvt, svarar han.
- Enkelte ser for seg at gamlebyen kan bli senter for nisjeforretningar som
vil trekke til seg folk som er blitt lei av kjedar og handelshus?
- Dette er eit opplegg for «Turistflorø» tre-fire veker om sommaren. Rein
ønskjetenking som kan fungere på papiret og i solskinsver, seier Ellingsund.
Han viser til lysande eksempel i Bergen.
- Sjå kva dei får til blant 1700-talshus på Nordnes og ved Damsgårdsundet,
legg han.
- Torpedere utviklinga
- Det er vel fritt for einkvar å debattere byen si utvikling?
- Sjølvsagt. Det eg stiller spørsmål ved er kva ein vil oppnå med ein
underskriftsaksjon mot eit prosjekt. Så bakkar dei ut med at: « Vi er ikkje
premissleverandørar og ville berre reise ein debatt». Det blir for lettvint.
Dette er ei gruppe med veletablerte borgarar som vil legge sterke føringar
på einkvar investor som vil prøve seg i gamlebyen, og som kan torpedere det
som kunne bli starten på eit ny utvikling av Strandgata i Florø. Ja, til dei
grader at eigaren ikkje orkar tanken på årevis med skuggeboksing og vel å
selje seg ut, seier Ellingsund til slutt.
Diskuter på Kystpuls: Bevar Florø si sjel
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar