FLORØ: Sverre Stenbakk har fått ei rekkje førespurnader på annonsen sin om sal av «Florøsjela». Dei fleste er herverande eller utflytte florøfolk som har teke kontakt og spurt om pris på den tradisjonsrike eigedomen.
– Eg hadde ikkje venta å komme i kontraktsforehandlingar no oppunder jul, ler Stenbakk når vi spør om han har fått «napp».
Stort engasjement
Elles er han overraska over den store interessa som utspelet hans har fått etter at han nyleg annonserte Trovik-eigedommane til sals.
Diskusjonen har gått friskt i Firdaposten både i papiravisa, på firdaposten.no og i nettsamfunnet kystpuls.no.
Stenbakk har ikkje noko imot at folk debatterer og engasjerer seg.
– Det eg har litt problem med er at ein startar underskriftsaksjon for å bevare noko som er umogeleg å forsvare økonomisk i si noverande form, seier han på spørsmålet vårt.
Best for byen?
– Kva ville du seie om det kom ein mesen og betalte mesteparten av rehabiliteringskostnadene?
– Det ville vere fint for meg, men eg har ikkje tru på at slike finst. Eit vel så viktig spørsmål for dei som skal regulere og bestemme for framtida: Ville det vere i byen si interesse? Det er eg ikkje så sikker på, seier Stenbakk.
– Du er altså bestemt på å selje?
– Ja, og det svara eg på sist. Men eg vil følgje opp samarbeidet med Malvin Horne om å få til ei ny regulering i dette kvartalet. Det er eg overtydd om at byen treng. Eg ser heller ikkje bort frå at ein ny reguleringsplan vil gjere det lettare for ein kjøpar å gjere noko i området, legg han til.
Handelslekkasje
Stenbakk trur ikkje folk sluttar å reise til Førde på handel fordi om han får til ei moderne utbygging i «Trovik-kvartalet». Men vil ein bremse den store handelslekkasjen og få aktivitet tilbake i Strandgata/sentrum, må det gjerast noko ganske radikalt.
– Eg reiser ein del, og ser vi på Oslo, så er det berre å nemne Operaen og nye planar for store bustadblokker langt ut i sjøen i Bjørvika. Det er ein annan målestokk, men målet er her også å få folk tilbake i sentrum, seier Stenbakk.
Tenkt nytt
– Får vi til ei moderne handlegate med folk som bur i sentrum, så meiner eg vi tek vare på byen på ein god og framtidsretta måte. Det vil bli eit yrande liv, folk let bilen stå og handlar lokalt. Vi såg det då vi bygde om i banken. Folk spaserte i tøflane ned på Combi, seier Stenbakk og avsluttar slik:
– Klart ein kan diskutere fasadar og detaljar. Men eg har ingen tru på at vi utviklar byen for framtida ved å sjå oss for mykje tilbake.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar