Dei har starta «nyttårsaksjon for Florøs sjel». Særleg slår dei ring om Trovik-kvartalet, sjølve juvelen i Florø-sjela.
– Vi må gjere noko før det er for seint, seier Halvor Halvorsen.
– Målet vårt er at folk skal stoppe opp og tenke. Vi trur det er mange som ikkje er bevisste på konsekvensane av å rive gamle, tradisjonsrike bygg, seier Halvorsen.
Han er ein av åtte Florø-patriotar som har starta ein underskriftskampanje i byen for å bevare særpreget til Florø. Dei vil bevise at det er slik innbyggarane eigentleg vil ha byen sin.
– Det er nettopp at byen har ei sjel som er vårt fortrinn, meiner han, og viser fram det skriftlege utspelet.
«Florø sentrum er vår felles stoltheit og identitet. Tilreisande beundarar byen for sitt særpreg, sin sjarm og ektheit», står det på underskriftsskjemaet som dukka opp fleire stadar i Florø på torsdag. I januar skal listene leverast inn til ordføraren, fylkesordføraren og fylkesmannen.
Dei understrekar at det ikkje er ein politisk kampanje dei har starta, og rosar alle som jobbar for å utvikle byen.
– Det vi vil forsikre oss om er at dei beheld den gamle stilen og at minst mogeleg vert endra. Sjela som finns i bygningane må få leve vidare, seier Kjartan Godø.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar