– Madrassane bryt med standarden, meiner ambulansesjefen i Helse Førde, Stian Sægrov.
I samband med Rolf Orheim si gravferd i 2005, bad dei etterlatne om gåve til ambulansestanden i Florø i staden for blomster. 13000 kroner vart samla inn, og nytta til å kjøpe to spesialsydde Tempur-madrassar. Men Helse Førde ber no ambulansepersonellet om å ta dei ut.
– I praksis får vi ikkje lov å bruke madrassane som lokalsamfunnet samla pengar til, seier Eva E. Orheim, som arbeider ved ambulansetenesta i Florø.
– Det Florø har er eit supplement til det ordinære utstyret i ambulansetenesta, og ikkje ein del av standarden. Det finst ingen fagleg grunn til at ambulansane i Florø skal ha utstyr ut over det normale, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.
Han understrekar at madrassane ikkje skal fjernast heilt, men framleis kunne brukast dersom pasientane har særskilde behov.
Fram til no har ambulansane i Florø hatt madrassane i bilen til ei kvar tid.
– Standardmadrassane vi har i dag er definert som gode nok. Det skal ikkje vere slik at pasientar frå Årdal skal ha mindre komfortable madrassar enn dei i Flora, seier Sægrov.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar