Bokdykk.no offisielt opna

Måndag vart den nye, nynorske nettbokhandelen lansert i Florø.

Publisert 17.11.2008 kl 19:11 Oppdatert 17.11.2008 kl 19:11

Tips ein venn på e-post:

...

BILDE: Opna Bokdykk.no

...

Måndag opna den nynorske nettbokhandelen i Florø.

Sjå bilde her

BOKDYKK.NO

  • Fullassortert nettbokhandel med kontor i Florø.
  • Samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Trond Økland, med særleg vekt på nynorsk litteratur og regionale utgjevingar. Siktar mot å vere leiande kulturbokhandel på nett.

– Tanken var korleis ein kan utvide marknaden utan å opne nye butikkar. Ei nisje som bokhandelen ikkje har gjort mykje med er nettbokhandel på nynorsk, seier Trond Økland om ideen.

Han takka forlaget Samlaget, Sunnfjord 2020 og andre som har hjelpt til.

– Mange har idear, men ikkje mange klarer å realisere dei slik som Trond, sa Heidi Grande Røys, som stod for den offisielle opninga under arrangementet som vart leia av Ingvar Hopland.

– Vi kjenner alle at vi har det godt med oss sjølve når vi set oss ned med ei god bok. Men denne nettbokhandelen er ikkje mindre enn eit bidrag til utviklinga av demokratiet, sa ho frå talarstolen.

Unge i målgruppa

Nettopp endringa i måten folk blir opplyst på er det Trond Økland har teke konsekvensen av. Blant dei som var invitert til lanseringa var elevar frå Flora vidaregåande skule.

– Ja, eg vil sjølvsagt legge denne nettstaden blant favorittane mine. Eg elskar å lese bøker, og bokhandelen i Florø har sjeldan bøkene eg er på jakt etter, seier Camilla Johannesen (16).

– Vi handlar det meste på nett, som musikk, kle og sko, alt som ein ikkje får i dei lokale butikkane, forklarer ho, og får støtte frå Vilde Årberg (16) som stadfestar trenden.

Vel bort nynorsk

Jentene fortel at mange jamaldra vel bokmål som hovudmål, sjølv om dei er fødd og oppvaksen her i fylket. Dei trur årsaka er at bokmål er enklare å skrive.

– Vi har lagt vekt på korleis ein søker på nettet, og så har vi plukka ut dei vi meiner er best på nynorsk, seier dagleg leiar i bokdykk, Anne Sophie Juel.

Ho peikar på ei rekkje kjende personar som er populære blant både ungdom og godt vaksne, og som brukar nynorsk aktivt. Ho trur nettstaden vil nå fram til ungdom om ein får fram at nynorsken er livskraftig.

– På nettstader finn eg bøker eg ikkje finn i bokhandelen kor berre dei mest kjende forfattarane blir satsa på og stilt ut i vindauga, seier Terje Hellesen, lærar og favorittforfattaren til elevane på Flora vidaregåande.

BILDE: Opna Bokdykk.no

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.