Mat frå Svanøy hjalp kokkelandslaget til topps.
Då det norske kokkelandslaget torsdag kveld vann kokke-OL i Erfurt i Tyskland, var det med gourmetlam frå Svanøy på gullmenyen.
Gode råvarer er fundamentet skal ein vinne OL i kokkekunst. Ein ting er at det norske kokkelandslaget plukkar frå øvste hylle av norske råvarer, men at det var villsau frå Svanøy som la grunnlaget for norsk olympisk suksess torsdag førte til ekstra stor jubel på Svanøy.
Og det suverene olympiske gullet til det norske kokkelandslaget var noko kjøtprodusent Rannveig Solheim på Svanøy vart overvelda over.
– Vi hadde styremøte i grendalaget og der vart det kaffi og kaker etter sigeren, seier Solheim noko smålåtent.
– At lam frå Svanøy blir kåra til det beste i verda betyr mykje for bygda. Kan vi selje denne sauen som delikatesse vil det ha mykje å seie for utkantane, avsluttar Rannveig Solheim.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar