...
MANNSKAPET: - Her er mannskapet vi har no. Meg (Sten Ingve) t.v. og bror Arnt som er faste. Runar Ulriksen (Bak, også han frå Florø) er med i 14 dagar. Foto: Tempest

Tempest på Gran Canaria

Det er over tre månader sidan båten Tempest med Florø-brørne Sten Ingve og Arnt Hellevang om bord kasta loss. No er dei framme på Gran Canaria og har verkeleg funne roa.

Publisert 21.10.2008 kl 12:35 Oppdatert 29.10.2008 kl 21:54

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Tempest
...
...
Arnt Hellevang (t.v.) og Runar Ulriksen, sistnemnde var med som mannskap i nokre veker
...
det gode liv på stranda

BILDE: Tempest på segltur - Del 1

...

Brødrene Sten Ingve og Arnt Hellevang frå Florø har no segla i tre månader.

Sjå deira eigne bilde frå turen så langt!

BILDE: Tempest på segltur - Del 2

...

Brødrene Sten Ingve og Arnt Hellevang har no segla i tre månader.

Sjå deira eigne bilde frå seglturen her

– For å seie det slik eg ville aldri vore dei tre månadene vi har hatt til no forutan, men vi har hatt litt forflytningspress på oss og nokre strekker har vore reine transportetappar. Det er først no vi har god tid og kjenner verkeleg på det vi drøymde om under planlegginga, seier Arnt Hellevang på telefon frå Madeira tidlegare i oktober.

No er det kos om bord i Tempest.

Tre månader

Det er over tre månader sidan den 36 fot store Bavaria-seglaren med dei to brørne om bord reiste frå Oslo. Dei har segla aust for Danmark til Kiel og vidare til den engelske kanal. Her fekk dei motortrøbbel som gjorde at dei måtte bli ei veke i Dover. Men motorkluss tek ikkje stemninga frå to brør oppvaksne i Brendøyvegen.

– Du kan ikkje reise på ein slik tur utan å ta høgde for slike utfordringar. Noko ryk heile tida, men vi klarer å fikse det meste. Det er stor slitasje på utstyret men det er vi budd på, seier Arnt.

Blir ei veke

– Vi reknar med å bli å Madeira ei veke før vi sig mot Kanariøyane. No har vi god tid. Vi skal ikkje reise frå Las Palmas før 23. november, seier Arnt.

Då er Tempest meldt på i turklassen for ein såkalla ARC regatta over Atlanterhavet.

Målet med regattaen seier dei er å komme over. Rett nok er det vegen som er målet for brørne som har hatt store maritime opplevingar så langt.

Venner og familie

Under turen skal dei ha mykje besøk frå venner ifrå Norge. Runar Ulriksen har vore med gutane frå Cascais. Han skal vere med ei veke til før han trekker nordover og heim. Familien kjem til juleferie i Karibien og fleire vil vere med som mannskap på Tempest utover våren.

Vil du følge brørne på turen til Karibien og attende kan du sjå nettsida www.segltur.no

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Dette skiltet er lovlig

Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.