FLORØ: Sverre Stenbakk og Horne Brygge AS har lagt fram ein privat reguleringsplan for kvartalet som inkluderer Trovik-eigedommane og Hornebua.
Dette gjeld eigedommane Strandgata 17 og 21, der dei har valt ei ny og dristig utforming med nybygg i sjøen. Nordplan ved ingeniør Janne Midtbø på Nordfjordeid har laga planen for dei.
Sverre Stenbakk kjøpte Trovik-eigedommane i fjor, og Malvin Horne m.fl.
overtok familieeigedommen ei tid etter. Dei har gått i lag om å utvikle
eigedommane og revitalisere dette kvartalet vest for Trovikbakken.
Strandgata 15 (tidlegare Gjertsenbua) er nybygg. Elles står det gammal
bygningsmasse frå 1860- og 1870-talet i kvartalet. Denne er vanskeleg å
utnytte kommersielt for eigarane, og dei har difor søkt heilt nye løysingar
for å få det til.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar