Kulturminister Trond Giske var i dag på besøk på Florø idrettssenter, og var imponert over det han såg. Men han skulle gjerne vore i Florø neste helg - på FotballFlora.
Statsråd i kultur- og kirkedepartementet Trond Giske besøkte Florø Idrettssenter torsdag føremiddag.
Men besøket til Florø ville han gjerne utsett ei veke, då Firdaposten fortalde om Fotballfestivalen «FotballFlora ».
– Eg er jo Liverpool-supportar, kvifor la eg ikkje besøket til neste veke då?!, sa Giske, som ikkje har høyrd om Flora sin mest kjende festival.
For tredje gong
Dette er tredje gongen Giske besøker Florø, og denne gongen var idrettssatsinga i Flora i fokus. Dagleg leiar på Florø Idrettssenter Eirik Rostad Ness var nøgd med merksemda frå statstråden.
– Det er kjekt å vise fram idrettsanlegget her, og statsråden verka oppriktig interessert, fortel Ness.
- Imponerande
Saman med representantar frå Florø Sportsklubb, Florø FT&IF, folkehelsekoordinator i Flora kommune, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti tok dei imot Giske på idrettssenteret, der dei informerte statsråden om idrettsmiljøet, idrettsanlegget, satsingområder og utfordringar.
– Idrettssenteret i Florø er ei imponerande satsing som viser at det er eldsjeler i lokalmiljøet som bryr seg. Idrettssenteret er absolutt eit førebilete for andre byar som satsar på idrett, fortel Giske.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar