Ute på lang padletur

Morten Abildsgaard skulle eigentleg gå Norge på langs. Så fekk han vondt i kneet og sette seg heller i kajakken.

Publisert 06.06.2008 kl 18:58 Oppdatert 06.06.2008 kl 19:06

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Jan Otto Hovden
...
FRÅ ATLØY TIL FLORØ: Onsdag kom Norge på langs-padlaren Morten Abildsgaard til Florø. Det er framleis langt att til målet - Nordkapp. Foto: Jan Otto Hovden
...
EIN VANLEG KAR: - Eg er berre ein vanleg mann som realiserer ein personleg draum, seier Morten. Foto: Jan Otto Hovden
...
TEKNISK DISKUSJON: Første møte med Florø blei ein engelsk kaptein, og dermed gjekk diskusjonen friskt om maritim kommunikasjon. Foto: Jan Otto Hovden
...
SNART I KØYA: Kajakken er vel på land, og etter litt spesialservice frå Krokane Camping, er Morten padlemann snart i soveposen for å lade batteria. Foto: Jan Otto Hovden

Mortens tips for langtur

  • Ha realistiske mål
  • Fortel familien om planane dine i god tid på førehand
  • Start planlegginga tidleg
  • Hald motivasjonen oppe ved å ta småturar for «å kjenne på det»
  • Oversjå alle som er negative til draumen din!

ONSDAG KVELD. Ein liten farkost kjem sigande gjennom Ålvorsundet. Padlaren nærmar seg Prata i godveret, tett ved ein engelskmann som prøver fiskelykka.

Morten Abildgaard (26) har gjort alvor av draumen om Norge på langs. No er han komen til Vestlandet og Florø. Han har nett hatt to fine dagar på Atløy der han har familie. Han ser uforskamma pigg ut med tanke på at han har padla heile dagen, og no er klokka åtte på kvelden.

VI MØTER ein hyggeleg, jordnær og ambisiøs ung mann som nyter på nært hald den fantastiske naturen Norge har. Det er noko Lars Monsen-aktig over den ubarberte og solbrente bergensaren. Det engelske ekteparet dukkar opp att og vil gjerne hilse på den padlande vikingen. Engelskmannen viser seg å være ein pensjonert kaptein i sjøforsvaret og blir veldig interessert i å vite kva slags nødpeilesendar og GPS Morten brukar på turen. Etter å ha demonstrert diverse tekniske vedunder og ivrig diskutert den teknologien, nikkar kapteinen nøgd og ønskjer Morten god tur vidare.

– Eg er nok ein utprega friluftsmann som elskar sjøen. Den opprinnelege planen var å gå Norge på langs, men eit dårleg kne sette stoppar for planane. Og då var valet enkelt: Norge på langs, sjøvegen, fortel 26-åringen.

TUREN STARTA frå Lindesnes 2. mai, og Morten har rekna å bruke fire månader til Nordkapp. For eit år sida hadde han inga padleerfaring. Eit intenst år med jamleg padletrening, også vinterstid, har vore heilt nødvendig.

– Eg har snakka mykje med Robert Løken som i 2005 padla same rute, og han har vore til stor hjelp, seier Morten mens han smører ansikt, nakke og armar inn med myggstopp. Vinden har løya på kvelden, og knotten surrar ustanseleg rundt øyra på oss.

– Eg er ikkje ute etter å slå rekordar eller bli ein ny Lars Monsen. Eg er på tur for å nyte Norge frå eit lågare perspektiv enn fjellet, presiserer Morten.

BRØNNØYSUND er halvvegs til målet, og i forhold til tidsplanen ligg han svært godt an. Han har vore heldig med veret og har så langt berre hatt tre små regnbyer.

– Heilt greitt. Det kan bli litt for mykje sol også, smiler den sympatiske karen.

Torsdag la han inn kviledag i Florø, for å få fiksa på litt tekniske detaljar og få seg ein tiltrengt dusj. Elles er det ingenting som hastar. Morten gler seg over turen og tar ein dag om gongen. Han har også fått mange nye kjenningar på vegen nordover.

– Eg treffer hyggelege menneske overalt, med unnatak av ein som meinte at eg ikkje hadde noko på sjøen å gjere i farkosten min, humrar han.

Morten fortel villig om padleturen. Planlegginga, familien, kjærasten, jobben, kollegaer, skeptikarar og betrevitarar. Det er tydeleg at ikkje noko er overlate til tilfeldigheitene. Han har heller ikkje noko problem med å tilrå ein slik tur.

Dei som har lyst til å følgje Morten, kan sjå innom nettsida www.vannblemmer.no. Trass i namnet og prosjektet så har det blitt få av blemmene så langt.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.