Neste helg skal bypatriotane få sitt.
Då vil nemleg 400 songarar frå 20 kor frå heile fylket framføre bysongen «Skjønn er du by» firstemt på Florø sin tusenårsstad – Torget.
Klokka 12.00 laurdag vil publikum begynne å merke arrangementet. Då skal kora først gå i tog gjennom Florø sentrum og endar opp på Torget der det blir felleskonsert.
Her skal eit storkor samansett av dei 20 deltakande kora framføre fleire fellesnummer. Stemnesjef Siv Årdal kan forsikre publikum om at dei vil få høyre 400 strupar synge Florø-songen «Skjønn er du by» firstemt klokka 12.45 laurdag.
Vidare utover dagen blir det mindre konsertar på ulike stader i Florø.
Søndagen held programmet fram med friluftskonsert i Røverhillaren.
– Vi gler oss, og publikum er meir enn velkomne denne helga, seier Signe Marie Rønnekleiv i arrangementskomiteen.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar