– For ei perle av eit hus! Else Rønnevig ber til alle makter for Trovikbygget i Strandgata i Florø.
Ho er frå Lillesand og er Norges einaste statsstipendiat i bygningskultur, spesialutnemnd av Åse Kleveland og Victor Norman, etter å ha imponert med ein seig kamp for gamle trehus på Sørlandet og tradisjonsrik matkultur. Ho har ikkje mindre enn fire bøker på samvitet om desse emna, og reiser landet rundt og held føredrag om bygningsvern.
Sjå nettsida hennar her Sprossa
Tilfeldig
Rønnevig venta nyleg på båten på veg til Svanøy, tilkalla for å bake i den gamle steinovnen på Erikstad. Ho vandra i Florø-gatene, då ho oppdaga Trovik-bygga som ligg til forfalls i verneområdet midt i hjartet av Florø, og ei god stund har venta på at dei nye eigarar skulle komme opp med nye planar, – medan motten et, hussoppen yppar seg og målinga flassar.
Ikkje rive
– Dei bør aldri få lov til å rive for å setje opp noko nytt. Viss ikkje Florasamfunnet veit å ta vare på ein slik kulturarv, så veit ikkje eg. Huset er viktig for å gje identitet til sentrum. Blir dette bygget rive for at noko nytt skal opp, forsvinn mykje av identiteten til området, hevdar «Sprossa» frå Lillesand. Tilnamnet fekk ho for eit kvart hundre år sidan etter lang kamp for originale vindauge i gamle hus i heimbyen på Sørlandet.
Detaljar
– Sjå på detaljane på døra der, så fine, og vindauga!
Ho viftar vekk påstandar om at huset er så skadd at det må rivast, og at floa stadig er eit trugsmål mot den delen av huset som vender mot sjøen.
– Det går an å gjere tiltak mot sjøen. I alle byar der kampar er blitt førde for slike «umulege» hus, har ettertida vist at det har gått bra, hevar Rønnevig.
Skadd
– Men her påstår arkitektane at huset er så skadd at det må rivast?
– Arkitektar vil alltid rive for sjølve å kunne bygge nytt og setje sitt preg på byen.
– Det vil koste for mykje å restaurere, og tene inn for lite, seier eigaren?
– Han visste bygget låg i eit verna område då han kjøpte det. Her bør politikarane gå inn og vise musklar. Dessutan er det langt meir miljøvennleg å restaurere. Isolering er enkelt å gjere noko med, hevdar Rønnevig.
Pengar til kystkultur
Ho minner dessutan om at det no er siste året at kulturfondet øyremerkjer pengar til kystkultur.
– Det bør eigaren vite å nytte seg av, seier Rønnevig.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar