FLORØ: Eirik Molnes Husabø er i ferd med å reise seg raskt etter konkursen i sitt eige studioselskap.
Geir Rønning ligg no på Norsktoppen med ein melodi Florø-musikaren har laga.
Og ikkje nok med det, truleg for første gong i Finlands radio, YLE, si lange historie, toppar ein norsk melodi med norsk tekst også poplista hos Finlands radio.
Det er same låt, «Bare du som vet», kan komponisten sjølv fortelje.
– Det er litt kjekt. Eg er kanskje litt blasert, veit du. Men eg visste med ein gong at dette var ein god låt, som passar til R & B-stemma til Rønning, vedgår den talentfulle og allsidige Florø-musikaren.
– Kanskje kan det no komme litt pengar ut av det òg. Det ville ikkje gjere meg noko om det draup inn litt ekstra, seier Husabø.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar