Plan- og miljøutvalet i Flora vil auke gebyret på bygge- og oppmålingstenester.
Administrasjonen hadde oppdraget sitt frå bystyret. Dei var pålagde å auke inntektene med ein halv million kroner på dette saksfeltet, og hadde rekna ut at det ville bli 18 prosent. Dei la difor fram eit forslag for plan- og miljøutvalet om 18 prosent prisauke på bygge- og oppmålingstenester.
– Vi ser ikkje at det er realistisk å auke tenesteproduksjonen tilsvarande ein slik sum, og har valt å auke gebyrsatsane, sa Knut Svendsen då han orienterte om saka.
Johannes Bø (Frp) gjekk mot å auke.
– Desse avgiftene er høge nok som dei er, sa han m.a. og gjorde framlegg om at det vart gjort ei form for samordning på etaten, og at oppmålinga vart sett ut på tilbod.
Nina Hovland Liseth (H) var også mot å auke med 18 prosent. Ho gjekk inn for halvparten, og så fekk ein prøve å ta resten ved innsparingar i etaten.
– Vi som skal drive i næringslivet, må stadig auke omsetninga eller på andre måtar dekke kostnader for ikkje å overføre alt på kundane. Det må vere mogeleg her også, sa ho m.a.
Etter ein del avrundande kommentarar vart framlegget frå Høgre om ni prosent auke vedteke med åtte mot ei røyst. Den eine var Bø som ikkje ville auke gebyra i det heile.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar