Laurdag og søndag inviterte Florø Hundeklubb til agility- kurs i Soldalen, med stor suksess.
10 glade eigarar og endå lykkelegare hundar fekk denne helga eksperthjelp frå Eid til å lære seg finessane ved vår tids raskast veksande hundesport Agility - Hundeløp gjennom ei hinderbane med færrast muleg feil.
Tvang og straff er bannlyst hos agility-folket. Agility har mange tydingar, både glede, raske rørsler, bevegeleg.
– Å ha det gøy, både for hund og eigar, det er det aller viktigaste, seier agility-instruktør Kjersti Jensen frå Eid. Sjølv går ho på jakt. Også her kjem kommandoane og samarbeidet dei lærer inn under agility-treninga til nytte. Ord som: Fram, hopp, gjennom, opp, er også nyttige å kunne for hundane under jakta, forklarer instruktøren. Dessutan er det ei veldig fin aktivisering, og usikre hundar blir ofte tryggare i kvardagssituasjonar, forklarer ho om meininga med det heile.
Sjå hundeklubben si nettside: http://www.florohk.net/
Les eiga reportasje frå kurset i tysdagsavisa til Firdaposten, og sjå eiga bildesamling.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar