- Eg fekk 90 millionar for å komme hit, sa Vidar Hodnekvam fra Standup Bergen.
Når fleire hundre menneske tek turen til Bremanger kino for å sjå ein film på 9 minutt er det greit med ein som kan varme opp publikum. Det kunne Vidar Hodnekvam frå Standup Bergen.
- Eg får noko grasat med pengar for å komme hit til Bremanger. Eg får faktisk 90 millionar for å vere her. Det virker som Bremanger kommune kastar pengar etter folk.
Blant fulltreffarane frå den unge komikaren var også kommentaren til at han hadde reist så langt for å sjå ein 9 minutt lang film. Da klokka var ti over fem på ettermiddagen sa Hodnekvam:
- For dei av dykk i salen som trudde at det er ein langfilm som står på plakaten, så kan eg seie at det er feil. Så det blir tid til voespiel også.
Hodnekvam greidde å få både tiåringar og 70-åringar til å le. Eit godt val frå arrangøren, både å få inn ein stand-up-komikar, og valet av denne karen.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar