Sankar kor til stort Florø-stemne

FLORØ: Det er ti år sidan sist det var songarstemne i Florø. 6. til 8. juni tek Jomentum opp hansken, og pågangen frå kormiljøa på Vestlandet er upåklageleg.

Publisert 04.02.2008 kl 21:06 Oppdatert 04.02.2008 kl 21:06

Tips ein venn på e-post:

...
GLER SEG: For første gong på ti år blir det songarstemne i Florø. Stemnesjef Siv Årdal og korkoordinator Signe Marie Rønnekleiv i Jomentum ser fram til at alle kora skal samlast her på Torget i Florø sentrum. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Det skal vere tre songarstemne i Sogn og Fjordane i år. Helga før korsamlinga i Florø blir dei to første arrangert i Brekke og i Måløy. Kor frå Møre og Romsdal og Hordaland har allereie ymta frampå om at dei òg kunne tenkt seg til Florø denne helga.

Stemnesjef Siv Årdal og komitékoordinator Signe Marie Rønnekleiv er allereie i full gang med å planlegge helga. Men dei tek langt frå heile jobben åleine. Dei har om lag 40 medlemmer i ryggen, og alle skal få jobbe.

Og sjefen ser fram til stemnet som dei håpar vil setje sitt preg på. Alle kora skal få vise seg fram, og i løpet av helga blir det mange småkonsertar over heile byen.

Når kor blir inviterte, betyr det også mange tilreisande. Minimum 400 koristar går dei ut med, men ut frå pågangen av interesserte til no, kan det vere langt fleire korglade vestlendingar som har haka av Florø-helga i almanakken.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.